Assisterande rektor Hornindal skule
Volda kommune, Avdeling skule
Stormyra 2, 6100 Volda, 6763 Hornindal
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterande rektor Hornindal skule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Det ligg 20% undervisning til stillinga.
Hornindal skule er ein 1-10 skule med 167 elevar fordelte på ti trinn. Skulen har eige SFO-tilbod.
Skulen har eit godt og føreseieleg læringsmiljø der trivsel, tryggleik og engasjement står i fokus. Her vil du finne eit stabilt og kompetent kollegium som er fleksible og opptatt av at elevane skal rustast til å møte utfordringane i framtida. Saman jobbar vi målretta med å skape kvardagen slik at elevane opplever å vere inkluderte gjennom meistring og lærelyst.
Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring, og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.
Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.
Visjonen til sektor oppvekst er "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn, ungdom og vaksne i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid i grunnskulen skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyre, og alle skal ha like moglegheiter til å utvikle evnene sine.
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn og unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Vi søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å vidareutvikle Hornindal skule, saman med rektor og dei tilsette på skulen, mot felles mål i eit lengre perspektiv.
Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – LÆRANDE - KOMPETENT
Sektor oppvekst er ein lærande organisasjon. Erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har stor merksemd. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse. I botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse mellom våre tilsette. I Voldaskulen arbeider vi med utvikling på fleire område. Lesing og eit trygt og godt læringsmiljø er to av desse utviklingsområda. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål.
Førebels aktuelle datoar for intervju er 15.april, 21.april og 27.april.
Arbeidsoppgåver
* Fag,- økonomi,- personal- og resultatansvar* Leiar og pådrivar for utvikling innanfor gjeldande lovverk, sentrale føringar, kommunale vedtak, internkontroll og målsettingar
* Leiaroppfølging av dei tilsette
* Utvikling og gjennomføring av fagleg kvalitet på skulen
* Leie ei avdeling i endring og utvikle kompetansen til dei tilsette
* Samhandling med andre tenesteområde i sektoren samt andre interne og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
*Godkjent grunnskulelærarutdanning, eller annan høgare utdanning som gir skulefagleg og pedagogisk kompetanse
* Bør ha vidareutdanning innan leiing, eller forplikte seg på å tileigne seg slik kompetanse innan tre år
* Brei erfaring frå arbeid i skule, særleg ungdomssteg
* Gode dugleikar og kunnskap om digitale verkty, og vere pådrivar i digitalt utviklingsarbeid
* God økonomisk forståing
* God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:- som har god rolleforståing
- har gode samarbeidsevner – lyttar aktivt, anerkjenner og involverer andre sine perspektiv
-er fleksibel og løysningsorientert og har eit stort engasjement for elevane si læring, elevane sine behov må stå i første rekkje -har evne til å sjå samanheng mellom læringsmiljø og læringsresultat
-er utviklingsorientert
-er tydeleg, kommuniserer godt med ulike menneske og har evne til relasjonsbygging
-kan gi konkrete tilbakemeldingar og rettleiing til personalet
-har god samarbeidsevne slik vi gjennom inkludering, deling og samarbeid kan byggje laget rundt elevane
-kan motivere til pedagogisk utviklingsarbeid gjennom å vere ein aktiv leiar som deltek i skulen si kjerneverksemd
Saman med formal- og realkompetanse vert dei personlege eigenskapane, god munnleg og skriftleg framstillingsevne og digital kompetanse lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande stilling med høve til å prege skulen
- Deltaking i kommunalt nettverk
- Høve til etterutdanning/fagleg oppdatering
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
- God pensjonsordning med lånemoglegheiter
- Løn etter avtale
Stillinga er plassert i HTA kap. 4
Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som kjem fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste blir laga.
Kontaktinformasjon
Cecilie Bjørlykke, avdelingsleiar skule, 97520931, cecilie.bjorlykke@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5096064791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a31671af-4f41-4692-b5a6-e596eecf8445
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
821bb62a768c45749fccb32decc037a7