Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2026 ved Avdeling for rusmedisin
Helse Bergen HF
Håkonsgaten 1, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar frå sommaren 2026 ved Avdeling for rusmedisin
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling - avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga.
Vi har ledig følgande faste stillingar frå sommaren 2026: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet.
* Avdeling for Rusmedisin (AFR) søker sjukepleiar og vernepleiar til 100% stilling.
For denne stillinga vil ein jobbe vekedagar ved Engenhuset, Martens eller annan avdeling i AFR, og jobbe helgar ved AFR Tertnes, Kvinneposten.
* AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) søker sjukepleiar og vernepleiar til 100% stilling. Stillinga vil ha opptart sommar ved ei av desse avdelingane:
- Heroinassistert behandling
- TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel
Alle kandidatar som startar i stilling vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Avdeling for Rusmedisin (AFR), pt i sommarturnus ved ein av dei oppgitte avdelingane. Frå hausten 2026 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved ein av AFR sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med med den tilsette og Avdeling for Rusmedisin. Her kan du lese meir om AFR
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.
Arbeidsoppgåver
AFR Tertnes - Kvinneposten (KP): 2-delt turnus og kvar 3. helg. Ein må pårekne 3-delt turnus i sommarperioden
AFR Korttidspost Engenhuset - Langvakter
AFR Korttidspost Dr. Martens - 2-delt turnus
AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har dagarbeid, kvar 4. eller 8. laurdag
AFR Heroinassistert behandling (HAB) har turnus 08 - 17.30 alle dagar inkl. helg.
TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel har dagarbeid og kvar 4. helg (laurdag/søndag)
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
Kvalifikasjonar:
- Du er ferdig utdanna som vernepleiar eller sjukepleiar i løpet av vinteren 2025 eller våren 2026. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri/Rus
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivast i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gry Irmelin Dale, Avdelingssjef AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), 92023184, gry.irmelin.dale@helse-bergen.noKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Håkonsgaten 15015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5038156127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Gry Irmelin Dale
Avdelingssjef AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
92023184
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a3140513-dc4d-42bd-9655-2901fc63454c
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
340ee4f6a3ae43c9bf12875cfb95d75c
Lignende annonser
Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2026 ved Psykisk helsevern
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin (AFR)
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ Korttidsavdeling Engenhuset, Helse Bergen HF
Sted
Bergen