Leiande helsesjukepleiar, 100% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing 100% fast leiande helsesjukepleiar frå 01.09.25/etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som leiande helsesjukepleiar frå 01.09.2025/etter avtale.
Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Gulen kommune skal ha tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar, kor ein av dei er som leiande helsesjukepleiar. Dersom det vert internt opprykk, vil det vere ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar. Skriv i søknaden din om du også er interessert i å stå som søkjar på ordinær helsesjukepleiarstilling.
Helsestasjonen har sin base ved Gulen helsesenter i Eivindvik, kor dei er samlokaliserte med legetenesta. Skulehelsetenesta vil primært ha sin base på dei fire grunnskulane i kommunen.
Me tilbyr
- Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk!
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ledig barnehageplass i kommunen
- Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden
Sletting av studielån!
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for helsestasjon og skulehelsetenesta
- Ha ansvar for oppgåvefordeling/koordinering av tenesta
- Ha oversikt over tenesta sine mål, oppgåver, aktivitetar og organisering
- Arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer, lovverk og anbefalt program
- Helsestasjon for ungdom
- Ansvar for barnekoordinator
- Ansvar for kontaktperson for barn som pårørande
- Drive opplysingsarbeid og undervising
- Rådgjeving og rettleiing
- Reisevaksinasjon
- Miljøretta helsevern/smittevern
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester
- Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
- Arbeid tilknytt flyktningar/familieoppfølging
- Andre oppgåver som måtte kome til
Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse, erfaring og behov.
Noko ettermiddag- og kveldarbeid må reknast med.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjent sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Det er ynskjeleg med erfaring innan helsestasjon og skulehelsetenesta
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted