Barne- og ungdomsarbeidar, Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar, Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Om stillinga
Ved Eksingedalen oppveksttun får du unik sjanse til å jobba som fagarbeidar i barnehagen. Her kjem du tett på både barn og elevar, og du kan vera med på å forma kvardagen deira. Barnehagen hjå oss er nært knytt til skulen. Det er 6 barn i barnehagen og 9 elevar på skulen kommande år, og på oppveksttunet er me saman om mange tema og arbeidsoppgåver. Skulehage, kultur, natur og friluftsliv er viktig for oss.
Stillinga er eit vikariat i 40 % frå 1.1.26 til 30.6.26.
Er dette noko for deg?
Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir!
Krav til kompetanse
- Ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjarar med anna relevant utdanning og personlege eigenskapar kan bli vurderte
- Ynskjeleg med erfaring frå barnehage
Personlege eigenskapar
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
Vi oppmodar menn til å søkja.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav. Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista. Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast. Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a301c4c4-a178-4081-bbe2-234dc145dc87
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269720
Lignende annonser
Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
Arbeidsgiver
Låven Barnehage
Sted
Bergen, Vestland
Pedagog i Vossabarnehagane
Arbeidsgiver
Voss herad Felleslysing barnehage
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Norlandia Festtangen
Sted
Ytre Arna