Ledig stilling
Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% miljøarbeidarstilling i bu- og miljøtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss eit årsvikariat i bu- og miljøtenesta er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me har ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar. Stillinga er turnus, med for tida arbeid kvar 4. helg. Tenesta har årsturnus som mellom anna inneheld langvakter.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:- hjelpepleiar/helsefagarbeidar med autorisasjon
- assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
- praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
- primærkontaktansvar
- gode samarbeidsevner
- evne til fleksibilitet
- er ansvarsbevisst og lojal
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
- ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø
- opplæring og rettleiing
- eit bra fagmiljø med mykje kompetanse
- betalt matpause
Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg, men det kan koma til ekstra helgearbeid i arbeidsperioden.
Lønnsvilkår:Lønn etter tariff med 2 % pensjonsinnbetaling til KLP
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a2d49aed-524d-4f94-b973-22bdf984790a
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3518721_228181_nn