Resepsjonist - Quality Hotel Sogndal
Quality Hotel Sogndal
6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, deltid
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Quality Hotel Sogndal søkjer no etter ein engasjert og sjølvstendig resepsjonist til eit sommarvikariat. Stillinga er på inntil 60 %, og varer frå mai til september – med moglegheit for forlenging.
Hjå oss på Quality Hotel Sogndal søv gjestane i komfortable senger, vaknar opp til ein fantastisk frukostbubuffet og kan velje mellom heile tre ulike restaurantar til middag! Hotellet har 226 rom, 9 konferanselokaler, tre restaurantar og èin bar. Som resepsjonist hos oss er du hotellet sitt ansikt utad – den første som ønskjer gjestene velkommen, og den siste dei møter før avreise. Du spelar ei avgjerande rolle i å sette standarden for opphaldet deira, og derfor ser vi etter deg som er serviceinnstilt, trygg i møte med ulike menneske, og som trivst med ansvar. Du handterer hektiske situasjonar med ro og oversikt, og er like komfortabel med å jobbe sjølvstendig som du er med å samarbeide tett med kollegaene dine.
Vi forventar at du er fleksibel og kan stille på både dag-, kvelds- og helgevakter. Du må kunne snakke norsk, svensk eller dansk i tillegg til engelsk, sidan du vil kommunisere med både gjester og kollegaer på tvers av avdelingar. Gjestane våre kjem frå heile verda, så om du har fleire språk i bagasjen, er det sjølvsagt eit stort pluss!
Arbeidskvardagen vil by på stor variasjon og høgt tempo. Resepsjonen er hotellet sitt hjerte – her har du ikkje berre kontakt med gjestene, men fungerer òg som eit nav for kommunikasjon og koordinering mellom ulike avdelingar. Du må kunne sjonglere fleire oppgåver samtidig, og ha oversikt og ta raske avgjersler når det trengst. Oppgåvene dine vil blant anna inkludere innsjekk og utsjekk, handtering av telefonar og e-postar, booking og administrative rutinar, samt oppfølging av kurs- og konferansegjester. Du vil bidra til at resepsjonsområdet alltid framstår innbydande, og du blir ein viktig del av gjestereisa – med mål om å skape så gode opplevingar at gjestene våre vil tilbake, gong etter gong.
Hjå oss får du moglegheit til å bli ein del av Strawberry-familien, med fordelar som blant anna gratis overnattingar og rabattar på over 240 hotell i Norden. Vi tilbyr ordna arbeidsforhold og høve til vidare utvikling og karriere innanfor hotell-og servicenæringa.
Høyrest dette ut som noko for deg?Send ein søknad til resepsjonssleiar Kristine Foss på e-post: kristine.foss@strawberry.no. Har du spørsmål om stillinga, er du òg velkomen til å ta kontakt på telefon 480 49 661.Me rekrutterer fortløpande – så ikkje vent med å sende inn søknaden din!
Kontaktperson for stillingen
Ine Jeanette Skjerven
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895480
- Hentet fra
workbuster
- Referanse
ab7b40ec-1b31-4fd2-aaf7-42c507c21a16