Klinikkledar Porsgrunn tannklinikk, 100% fast stilling
Den offentlege tannhelsetenesta i Telemark Fylkeskommune
C. E. Berg-Hanssens gate 20, 3917 Porsgrunn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Klinikkledar Porsgrunn tannklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Seksjon tannhelse søker etter ein stødig og trygg ledar som kan halde fram utviklingsarbeidet ved Porsgrunn tannklinikk!
Me ser etter ein solid ledar som har kompetanse til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø med fokus på nærværsarbeid. Du er ein ledar som kan bygge opp tillit og relasjonar, og som har god kompetanse i medarbeideroppfølging.
Dette er ei variert og spennande stilling der du som ledar har eit stort handlingsrom til å jobbe med utvikling av klinikken.
Som klinikkledar rapporterar du til fylkestannlegen og sit i fylkestannlegen si ledargruppe. Du vil difor ha ei sentral rolle i utviklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Telemark fylkeskommune.
Arbeidsoppgåver
- Driftsansvar
- Mål, budsjett og resultatansvar
- Personalansvar, inkludert rekruttering og bemanning
- Sikre godt behandlingstilbod til alle grupper pasientar
- Overordna fagleg ansvar
- HMS ansvarleg for klinikken
- Samhandle internt med eigen organisasjon, tillitsvalde, vernetenesta og andre eksterne samarbeidspartnarar, som bl.anna kommunal helse- og omsorgssektor.
- Stillinga vil (ved kapasitet) kunne kombineras med anten klinisk arbeid eller overordna arbeidsoppgåver for seksjon tannhelse.
- Stillinga vil kunne bli tillagt andre arbeidsoppgåver.
Tidlegare har ledarstillinga vore ei delt ledarstilling mellom Porsgrunn og Stathelle tannklinikk, men klinikkane har behov for at ledar kan følge tett opp og vere fysisk tilstade på begge lokasjonar. Med bakgrunn i dette er det tilsatt ein midlertidig ledar ved Stathelle tannklinikk. Ledarstillinga i Stathelle er i fyrste rekke midlertidig fordi seksjon tannhelse står i ein prosess knytt til vurdering av klinikkstruktur. På sikt er det mogleg at klinikkane går tilbake til å ha ein felles ledar.
Kvalifikasjonar
- Krav om relevant utdanning innan helsefag, HR/ledelsesfag og/eller tannhelsefag, med føresetnad om god ledarkompetanse
- Det er eit krav med ledarerfaring frå tidlegare stillingar
- Det er ein fordel med tilleggsutdanning innan relevante fagområder (til dømes ledelse, personalhandtering, administrasjon, organisasjonsutvikling, økonomi, lovar og avtaleverk og så vidare)
- Det er ein fordel om kandidatar som ikkje har tannhelsefagleg kompetanse har erfaring frå drift/ledelse/klinisk arbeid innan helsetenestar
- Krav om gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
- God organisasjonsforståing
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å vere ein tydeleg og tilgjengeleg ledar
- Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne
Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga.
Me tilbyr
Ei variert og spennande stilling der du som ledar har stort handlingsrom til å jobbe med utvikling av klinikken, både med tanke på arbeidsmiljø og drift.
I stillinga har du ei sentral rolle i utviklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Telemark fylkeskommune.
Du vil jobbe i tett samarbeid med ledargruppa i seksjon tannhelse, og med støttefunksjonar innan HR, økonomi og andre stabsfunksjonar.
I denne stillinga har du rett på ein av Noreg sine sikraste
pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar bare vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no).
Kontaktinformasjon
Live Lid Breiland, Seksjonsleder, 91740886Arbeidssted
C. E. Berg-Hanssens gate 203917 Porsgrunn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark FylkeskommuneReferansenr.: 4986485264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Live Lid Breiland
Seksjonsleder
91740886
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a2bb49f4-eb44-466c-aec1-c7ff72f5d85c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3e2ec7ce875a4348a9f73f7211979af6