SFO-leiar - 100 % årsvikariat
Alver kommune
Søre Austmarka 4, 5938 Sæbøvågen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
SFO-leiar - 100 % årsvikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Om stillinga
Ved Sæbø skule er det ledig eit årsvikariat som SFO- leiar frå 1. august 2025.
Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod der barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid.
Det er tillagt administrasjonstid til stillinga. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.
Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning eller anna relevant erfaring og utdanning. Vi ser etter deg som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel.
Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO.
Om oss
Sæbø skule er ein barneskule i Alver kommune med om lag 90 elevar. Skulen ligg i Austmarka, 12 minutt frå Knarvik. Skulen har ei leiargruppe som består av rektor, avdelingsleiar for 1.-4.trinn, avdelingsleiar for 5.-7.trinn og SFO-leiar.
Sæbø skule har eit levande miljø med 90 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Skulen stod ferdig i 2009, og framstår som ein moderne skule med gode fasilitetar. I tillegg til eit godt skulebygg, har vi eit variert nærmiljø med tilgang til både fjell, skog og sjø. På skulen har vi eit flott og inkluderande fagmiljø med totalt 18 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Som SFO-leiar ved Sæbø skule vil du:
- ha det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
- vere ein tydeleg og god rollemodell i miljøet på SFO-avdelinga
- utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO- tida
- sikre at SFO- tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og gjeldande planverk
- vere ein del av skulen sitt leiarteam
- ha ansvar for personalmøte, foreldremøte og andre møte med tilsette og føresette
- leggje til rette for eit godt samarbeid med føresette til barna på SFO
- leie SFO- tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd
- ansvar for bemanning og vaktlister ved SFO
Kompetanse
- pedagogisk utdanning på bachelornivå
- fordel med tidlegare erfaring frå SFO-drift eller skule
- det kan og vere aktuelt for barne- og ungdomsarbeidarar med arbeidserfaring på SFO
- må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
- ønskjeleg med administrativ erfaring og/eller erfaring som arbeidsleiar
- utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov
Kven er du?
Vi søkjer ein SFO- leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO- ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du kan trivast og utvikle deg.
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange.
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel.
- Løn etter avtale, basert på dine kvalifikasjonar.
- Pensjonsordning gjennom KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
- Gode arbeidsvilkår i tråd med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted