Hopp til innhold

Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar

Arbeidsgiver

Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar
Oppstart
12. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Eit moderne sjukehus er avhengig av presis og velfungerande logistikk for å kunne gi pasientane trygg og effektiv behandling.

Vi søkjer no logistikkmedarbeidarar som tilkallingvikarar, som ønskjer å bidra til at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag, heile døgnet.

Logistikkfunksjonen er ei viktig støtte for kliniske avdelingar, og arbeidet ditt vil ha direkte betydning for pasientbehandlinga, sjølv om du ikkje jobbar pasientnært.

Stillinga er ei tilkallingsvikarstilling, og det kan være vanskeleg å føreseie omfanget av arbeid. Behovet vil variere over tid, avhengig av drift, ferieavvikling, sjukefråvær og andre forhold. Når behovet oppstår, er det imidlertid viktig at du kan stille opp og bidra der det trengs –  i eit arbeidsmiljø der innsatsen din er både synleg og verdifull.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

Som logistikkmedarbeidar vil du ha varierte og praktiske arbeidsoppgåver, blant anna:

  • Bestilling, mottak, levering og plassering av medisinsk og ikkje-medisinsk utstyr
  • Distribusjon av utstyr til dei fleste avdelingane ved sjukehuset
  • Sørge for at lager, fellesarealer og arbeidsstasjonar til ei kvar tid er ryddige og oversiktlege
  • Bistå avdelingar med praktiske spørsmål og behov knytta til utstyr og logistikk
  • Registrering og oppfølging i relevante system
  • Andre oppgåver kan tilkomme ved behov

Arbeidet foregår i tett samarbeid med både kliniske avdelingar og andre støttefunksjoner.

Kvalifikasjonar

  • Må meistre norsk flytande, både munnleg og skriftleg
  • God digital forståelse og god kjennskap til Excel
  • Kjennskap til SAP eller tilsvarande system er ein fordel
  • Relevant erfaring frå logistikk, lager, transport eller sjukehus er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og påliteleg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
  • Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og varierande arbeidsdagar

Sjukehuskvardagen er dynamisk, og behov kan endre seg raskt. Som logistikkmedarbeidar må du derfor trivast med:

  • Stadige endringar i arbeidsoppgåver og prioriteringar
  • Å jobbe sjølvstendig, men også som del av eit større team
  • Å handtere fleire oppgåver parallelt og tilpasse deg nye situasjonar

 Dette er ei rolle for deg som evnar å bevare struktur og oversikt – også når planar endrar seg undervegs.

Personleg eignaheit blir vektlagd ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund 
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5055140037
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Startdato: 12.01.2026
Sluttdato: 12.06.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Vegard Edvardsen Kjemphol

Seksjonsleiar

vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a2a14502-2986-4133-974b-a6925ca0a789

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ab02801e44be44e0861b6c493f907f15

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Seksjon for forsyning og interntransport Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund