Systemforvalter adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking
EIU- Fagstab drift og vedlikehald, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerhetsteknikker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Ved Eigedomsavdelinga sin fagstab for drift og vedlikehald er det for tida behov for ein dyktig medarbeidar med bakgrunn innan adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking. Du vil jobba i eit team på 4 - 5 personar med tverrfagleg bakgrunn. Arbeidsdagen vil vera variert, utfordrande og vanskeleg å planleggja. Men viktigast av alt, du vil ha det gøy på jobb. Kontorstad blir Bergen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette over heile fylket. Vestland fylkeskommune har administrasjonsstader ved Bergen, Førde og Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Oppretthalde verdiane på dei tekniske installasjonane som adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking.
- Lås og beslag, heis, brannvarsling og talevarsling kan vera oppgaver som kan tilkomma.
- Leia arbeidet med å sentralisera og optimalisera dei tekniske installasjonane.
- Oppfølging av regelverk (GDPR mm)
- Utbedre mindre feil og mangler
- Bistand og opplæring til driftsleiarar
- Gjennomføre mindre prosjekt på eiga initiativ eller i samarbeid med andre fagdisipliner.
- Representere drift i bygge- og rehabiliteringsprosjekter.
- Ansvar for budsjett og framdrift i eigne prosjekt.
- Delta i revisjon av avdelinga sine tekniske kravspesifikasjonar.
- Utarbeide grunnlag for offentlige innkjøp.
- Andre oppgåver kan komma.
Det må påregnes noe reising i fylkeskommunen
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev eller dokumentert erfaring innen adgangskontroll.
- Erfaring med en eller flere av følgende system vil telle positivt (Salto, Linell Onguard, Arx)
- Forståing for sentral driftskontroll av nevnte system.
- Forståing for datatekniske nettverk og IKT.
- Har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du har god norsk munnleg framstillingsevne.
- Har høg arbeidsmoral.
- Kan jobba sjølvstendig.
- Er kreativ og løysingsorientert.
- Interessert i å læra nye ting kvar dag.
- Samarbeider godt med andre.
- Har ei praktisk tilnærming til oppgåvene knytta til teknisk støtte.
- Du må ikkje vera redd for å bli møkkete på henda.
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Gode offentlege pensjonsordningar.
- Tilgang til gode treningsfasilitetar.
- Trygg arbeidsplass hos ein solid arbeidsgivar.
- Fleksibel arbeidstid med fridom under ansvar.
- Moglegheit for heimekontor.
- Lønn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Frode Pettersen, leiar, 93459389Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4884326499
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Frode Pettersen
leiar
93459389
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937745
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c44986d2f4044a31aacae08f732d6bb4