Hopp til innhold

Kundebehandlar

Arbeidsgiver

Sylvsmidja AS

Sted

5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Kundebehandlar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Send søknad til

eldrid.eilertsen@sylvsmidja.no

Vil du vera med i den vidare utviklinga av Sylvsmidja?

Me søkjer kundebehandlar for fast tilsetting i 100% stilling.Me ser etter deg som likar kunderådgjeving og service. Du trivst med at arbeidsdagen vekslar mellom praktiske og teoretiske oppgåver, men der sjølve kjernen er å yta kundeservice med høg kvalitet. Me vil ha deg med på laget dersom du kan jobba sjølvstendig, men du må også lika å vera ein del av eit arbeidslag der alle oppgåver er avhengige av eit godt samspel.Arbeidsoppgåver:
  • Kundedialog både fysisk, på telefon, e-post og chat. Me har eit veldig breitt sortiment innan bunadsølv og smykke, så du må ha kapasitet og ynske om å læra deg mykje om både bakgrunn og bruk av alle desse produkta.
  • Lagerlogistikk, m.a. mottak, pakking og utsending av varer.
  • Ansvar for deloppgåver i kundesenteret.
Kompetanse og personlege eigenskapar:
  • Fagbrev innan salsfaget eller service- og administrasjonsfaget er ynskjeleg, men relevant jobberfaring kan kompensera for manglande utdanning.
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på nynorsk og engelsk.
  • Sterk digital kompetanse, og det er ein fordel om du har erfaring i bruken av datasystem innan vare- og kundebehandling.
  • Positiv og omgjengeleg
  • Ordenssans
Me tilbyr løn etter avtale og mogelegheit til å verta med i eit team som består av kunnskapsrike og omgjengelege kollegaer. Me ynskjer ei snarleg tilsetting.Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med leiar for kundesenteret Eldrid Eilertsen på tlf. 95 94 13 76, eller dagleg leiar Trond Syversen på tlf. 99 20 71 88.Søknad med CV kan sendast pr e-post til eldrid.eilertsen@sylvsmidja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden snarast og innan 25. juni 2026.

Med kjærleik for faget har me i 86 år laga bunadsølv av den ypparste kvalitet i verkstaden vår på Voss. I dag er me den leiande tilverkaren av det som får bunader til å blenkja. I tillegg lagar me produkt retta mot smykke- og gåvemarknaden. Salet av produkta våre skjer i hovudsak i Noreg, men me jobbar òg med ei spanande satsing internasjonalt og har fleire innovasjonsprosjekt gåande.  Bedrifta har 70 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 130 mill.

For meir informasjon, sjå www.sylvsmidja.no

Kontaktpersoner for stillingen

Trond Syversen

Dagleg leiar

99 20 71 88

Eldrid Eilertsen

Leiar for kundesenteret

95 94 13 76

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a248d542-0b7e-4115-abb6-3c789e508d91

Sist endret

15. juni 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4570082

Lignende annonser

Laster lignende annonser