Bemanningskonsulent
Seksjon Arbeidstid, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Bemanningskonsulent
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. januar
Helse Førde har ledig 100% fast stilling som bemanningskonsulent ved seksjon Arbeidstid frå 01.04.2025.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, god service, kompetanse og godt humør. Vi er i dag 9 bemanningskonsulentar pluss leiar. Sjukepleiar, hjelpepleiar, sosionom og bioingeniør er noko av den erfaringa vi har.
Vårt hovudansvar er å ha spesialkompetanse på arbeidstidsordning og bemanningsplanlegging. Seksjonen har ansvar for å utarbeide arbeidsplanar, opplæring, rettleiing og rådgjeving innan arbeidstid- og bemanningsplanlegging i Helse Førde, i tillegg til system- og supportansvar for ressursstyringssystemet GAT.
For meir informasjon om Helse Førde HF sjå her: Helse Førde
Arbeidsoppgåver
- Bistå leiarane i å utarbeide arbeidsplanar
- Bistå leiarane innan fagområda arbeidstid, arbeidstidsplanlegging og ressursstyring
- Undervise og gje rettleiing i arbeidstidsplanlegging, lov- og avtaleverk
- Utarbeide og følgje opp avdelinga sine interne rutiner rundt ressursstyring
- Sjå ressursar og behov på tvers av einingane
- Brukarstøtte og opplæring i ressursstyringssystemet GAT
Kvalifikasjonar
- Kjennskap til lov- og avtaleverk knytt til arbeidstid
- Kjennskap til turnusarbeid
- Erfaring med bruk av IT-verktøy
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Interesse for fagområdet
- Ønskjeleg med helsefagleg bakgrunn
- Høgskule/Universitet/diplom-/Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du har evna til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
- Du har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du er fleksibel, løysning- og resultatorientert
- Du er bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eigenskapar vektleggast
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit spennande og godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Fleksibel arbeidstid
- Ein arbeidsplass du kan vere stolt av
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
May Helen Hagenes, Seksjonsleiar, (+47) 911 87 884Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4898059349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 27.01.2025
Kontaktperson for stillingen
May Helen Hagenes
Seksjonsleiar
(+47) 911 87 884
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817344
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8e1c2ee8ab074a278c8d194a07ceffc0