Hopp til innhold

Vil du vera vertskap på historiske Vetti Gard i sommar?

Arbeidsgiver

Vetti Gard Turiststasjon

Sted

Utladalen, 6882 Øvre Årdal

Om jobben

Vetti Gard Turiststasjon søker eit engasjert og sjølvstendig vertskap for sommarsesongen 2026. Me ser etter 2 personar som kan dele på rolla og utfylle kvarandre. Sesongen 2026 strekker seg frå fredag 19. juni til søndag 6. september.

Stillingstittel
Vertskap
Oppstart
8. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

Send søknad til

Kaja@klingenberghotel.no

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Erfaring: Du har gjerne bakgrunn frå hotell, restaurant eller reiseliv.

Språk: Du er stødig i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

Personlegdom: Du er positiv, serviceinnstilt og trivst med å jobbe sjølvstendig i fjellet.

Praktisk sans: Du har gode samarbeidsevner og er ikkje redd for å ta i eit tak der det trengst.

Arbeidsoppgaver

Som vertskap er du garden sitt ansikt utad og har ansvar for:

Gjestemottak: Vertskap for overnattingsgjester, resepsjon og handtering av booking- og kassesystem.

Kafédrift og kjøkken: Tilbereding og servering av enkel mat, kaffi og kaker til turgåarar samt middag og frukost til overnattande gjester.

Formidling: Fungera som turistvert og historieforteljar for gjester som vil lære om garden si rike historie.

Drift og vedlikehald: Dagleg reinhald av rom og fellesareal, samt enklare praktisk vedlikehald på garden.

Vi tilbyr

Ein unik arbeidsplass midt i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på.

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit historisk miljø.

Lønn etter avtale og kost/losji på garden i arbeidsperioden.

Kontaktperson for stillingen

Kaja Østlid

Resepsjonssjef Klingenberg Resort

57665800

Kaja@klingenberghotel.no

Om bedriften

Vetti Gard Turiststasjon er ein historisk fjellgard med offisiell status som turiststasjon frå 1875, ligg idyllisk til i det spektakulære Utladalen Landskapsvernområde i Årdal kommune, rett ved grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Som næraste nabo til Vettisfossen -- Noregs vakraste foss -- tek me i mot fjellfolk, turistar og dagsvitjande for overnatting og servering gjennom heile sommaren. Med 38 sengeplassar fordelt på historiske bygg og låve, samt servering av tradisjonskost basert på lokale råvarer er dette eit av dei mest autentiske overnattingsstadane me har i den norske fjellheimen. Du går til fots på den historiske Folkevegen i Utladalen frå Hjelle som tek ca. 1,5 time i lett stigning gjennom storslått landskap.

Vetti Gard er del av Klingenberg Resort, ei samling overnattingsstader og opplevingar som vert drifta av Årdal Hotelldrift. Samarbeidet gjer det enkelt for gjester å kombinere historisk fjellro i Utladalen med hotellopphald ved Sognefjorden.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a2410f91-61de-4a20-98e8-6c7c8eeee278

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

a2410f91-61de-4a20-98e8-6c7c8eeee278

Lignende annonser