Tannlege, fast stilling
Sentrum Tannhelseområde, Øygarden tannklinikk
Blombakkane 77, 5353 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling som tannlege i Sentrum Tannhelsedistrikt frå 01.01.2024.
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig gradert stilling/ lavere stillingsprosent
Tenestestad er for tide ved Øygarden tannklinikk. Stillinga er ledig frå 1. januar 2024. Klinikken er lokalisert ved Øygarden lokalmedisinske senter på Straume, og har lyse og trivelege lokaler, med 13 behandlingsrom, eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege kolleger; 8 tannlegar, 4
tannpleiare og 11 tannhelsesekretærar.
Kvalifikasjonar
Du må ha norsk autorisasjon som tannlegeDu må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk, evt engelsk
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidarVi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre
samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
Løn etter avtale, med ei minsteløn på f.t. kr 620.000.
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6
månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv
om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli
varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ellen Holmemo, klinikkleiar , 92068765Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
Blombakkane 775353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4701285254
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2422897
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fee05a3a113c4f4cbfcf9d77b7584350