Portør i 100 % Vikariat
Hjerte- og lungeavdelingen, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Portør
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli ein nøkkelperson på sjukehuset – Søk portørvikariat ved Hjarte- og lungeavdelinga i 100 % dagstilling!
Som portør ved Hjarte- og lungeavdelinga vil du vere ein viktig del av helsepersonellets støtteapparat. Du vil ha ansvar for transport av pasientar, prøvar, utstyr og anna materiell mellom ulike avdelingar på sjukehuset. I tillegg vil du også ha faste gjøremål knytte til Hjarte- og lunge-sengepostane, som for eksempel levering av nødvendig utstyr og materiell, samt støtte helsepersonell ved behov i deira daglege arbeid.
Det er ønskjeleg at du kan starte 10. juni 2025. Er dette noe for deg? 👉 Søk no!
Arbeidsoppgåver
- Transport av pasientar til og frå ulike avdelingar.
- Håndtering av medisinske prøvar og anna utstyr mellom avdelingar.
- Assistere helsepersonell ved behov.
- Utføre faste gjøremål på sengepostane, som levering av materiell og anna praktisk støttearbeid.
- Sørgje for at transporten skjer på ein trygg og respektfull måte.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit høgt nivå av pasientsikkerheit.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå portørarbeid eller liknande yrke er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
- Evne til å handtere travle og tidspressa situasjonar.
- Gode kommunikasjonsevner og ei serviceinnstilt haldning.
- Punktlegheit og pålitelegheit.
- Beherske norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er ansvarsbevisst, fleksibel og har ei positiv haldning til arbeid.
- trivst med fysisk arbeid og har god arbeidskapasitet.
- har eit omsorgsfullt forhold til pasientar og pårørande.
- er teamorientert og har gode samarbeidsevner.
Kjenner du deg igjen? Ja, da må du søke hos oss.
Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfullt arbeid i eit fagleg stimulerande miljø.
- Eit godt arbeidsmiljø med eit sterkt fellesskap og dyktige kollegaer.
- Opplæring og rettleiing.
- Gode arbeidsvilkår og løn etter gjeldande overenskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Ranveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4908302329
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 26.10.2025
Søknadsfrist: 10.02.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2838071
- Hentet fra
talentech
- Referanse
391986a0cc8a40f9ada448ab65a1c761