Sommarvikariat for pleieassistentar ved Somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat for pleieassistentar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus, og vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar som kan bidra i vårt arbeid.
Vi har ledige sommarvikariat på fleire avdelingar, og vi søker kandidatar som er under helsefagleg utdanning.
Her vil du få verdifull erfaring, og mogelegheit til å gjere ein forskjell.
Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25-33. Kandidatar som kan jobbe samanhengande i 6-8 veker vil ha fortrinn.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg til pasientar
- Klargjering av pasientar til ulike prosedyrar
- Delta i tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
- Klargjering og servering av måltid
- Observasjonar og målinga
Kvalifikasjonar
- Vere under helsefagleg utdanning
- For stillingar innan somatiske einingar må ein ha 400 timar pleieerfaring
- Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
- Er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Har gode samarbeidsevner og godt humør
- Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna
Vi tilbyr deg:
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4956212249
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Røthe Ystanes
Rådgivar
+47 92292668
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919600
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5788952d0aba436283454bfbb8d89105