Vil du bli vår nye 1.styrmann?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 5561 Bokn, 4150 Rennesøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
1.styrmann i sambandet Arsvågen - Mortavika, p.t. MF Boknafjorden
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. juli
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.styrmann i Arsvågen - Mortavika, p.t. MF Boknafjord.
Kvifor velje oss?
- Variert og spennande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Ein bur ombord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnadar til og frå arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling på si vakt
- Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
- Tryggleiksoffiser
- Navigere sjølvstendig på si vakt
- Ettersyn av navigasjonsutstyr
- At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
- At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
- At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
- Opplæring av personell
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
- Andre oppgåver iht. stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskapar muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søker ein engasjert og ansvarsbevisst 1. styrmann med gode lederegenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trivast med å ta ansvar for sikkerheit og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av
- Får dekt reisekostnadar til og frå arbeid
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4986829436
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a1faab5f-3483-4292-81f4-59f47431eb72
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebb8679ddbac47a3947c897198040a66