KFUK-KFUM Øygarden Åpen Barnehage søkjer pedagogisk leiar
KFUK-KFUM NORGE
Sartorvegen 8, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi ser etter ein engasjert pedagogisk leiar – er det deg?
KFUK-KFUM Øygarden er ein del av Norges KFUK-KFUM – ein landsdekkande kristen barne- og ungdomsorganisasjon. I Øygarden driv vi eit mangfaldig arbeid for barn, unge og familiar, med mellom anna tre Åpne Barnehager på Straume, Landro og Fjell. Vi har òg tilbod som MåndagMiddag, HomeStart og for ungdom: TenSing, dans og drama, ACTION og gaming.
Åpen Barnehage er eit gratis tilbod for barn i alderen 0–6 år saman med ein vaksen omsorgsperson. Tilbodet følgjer barnehagelova og rammeplanen for barnehagar, men utan faste plassar – familiane kjem når det passar. Barna får delta i leik og aktivitetar i trygge omgjevnader, medan dei vaksne får moglegheit til å byggje nettverk og fellesskap.
KFUK-KFUM Øygarden har tre Åpne Barnehager som for tida held til på Straume, Landro og Fjell. Kvar avdeling har ope tre dagar i veka frå kl. 09.15 til 14.45:
- Landro: måndag, onsdag og torsdag
- Fjell: måndag, tysdag og onsdag
- Straume: onsdag, torsdag og fredag
Vi søkjer no ein vikar for pedagogisk leiar fram til 31.12.2025. 60% stilling.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning (førskulelærar) er eit krav
- Erfaring frå arbeid med barn i barnehage eller liknande er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må kunne arbeide i tråd med KFUK-KFUM sitt kristne verdigrunnlag
Personlege eigenskapar:
- Tilpassingsdyktig og fleksibel i møte med ulike oppgåver og menneske
- Omsorgsfull og trygg i møte med barn og vaksne
- Gode samarbeidsevner – og samtidig sjølvstendig
- Strukturert, initiativrik og engasjert
- Har interesse for musikk, song og skapande aktivitetar
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet i Åpen Barnehage
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar – særleg med vekt på song og musikk
- Vere aktivt til stades i leik, samtalar og samspel med barn og vaksne
- Marknadsføring og synleggjering av tilbodet, både digitalt og lokalt – til dømes gjennom sosiale medium, plakatar og samarbeid med aktørar i nærmiljøet
- Bidra til eit godt og inkluderande miljø og I periodar lede samlingsstunder
- Praktiske oppgåver som førebuing av mat og rydding
- Delta i fagleg fellesskap og fellesarrangement med dei andre barnehagane i KFUK-KFUM Øygarden
Vi tilbyr:
- Ei meiningsfull og givande stilling med fokus på fellesskap og utvikling.
- Eit positivt og fagleg fellesskap med andre tilsette i organisasjonen
- Eit arbeidsmiljø prega av kristne og humanistiske verdiar, inkludering og musikkglede
- Varierte dagar i tett samarbeid med både barn og føresette
- Løn i høve til tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Personleg dugleik vil verte tillagt vekt. Gyldig politiattest må leggjast fram. Søkjarar må identifisere seg med KFUK-KFUM Noreg sitt føremål, kristne profil og verdiar. Vi ser fram til å lese CV og søknaden din.
KFUK-KFUM ønskjer tilsette med ulik bakgrunn og erfaring. Vi trur at mangfald gjer oss betre og styrkjer arbeidet vårt for barn og unge. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte søkjarar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, legning eller bakgrunn.
Ved spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med styrer KFUK-KFUM Øygarden Open Barnehage, Michelle Storesund.
Aktuelle kandidatar blir vurdert fortlaupande.
Om bedriften
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a1b5b606-d073-41b4-b42d-8426a81a444b
- Hentet fra
recman
- Referanse
444065