Kyrkjetenar
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
6250 Stordal
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjetenar / vaktmester
Oppstart
9. desember 2019
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Det er ledig 25 - 50 % stilling som kyrkjetenar hovudsakleg i Stordal kyrkje, samt i andre kyrkjer i fellesrådet sitt område. Stillingsstorleiken kan tilpassast arbeidsoppgåver som vert lagt inn i stillinga. Kan kombinerast med anna arbeid.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver:- Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja
- Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutiner for kyrkjetenarar
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar / klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som sjølvstende og samarbeid, samt å kunne møte menneske i ulike livssituasjonar.
- Må vere medlem av Den norske kyrkje og disponere eigen bil
- Kunne framlegge politiattest
- Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere omlag 10 årsverk fordelt på 14 personar i fellesrådet og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor er i Stranda. Stordal kyrkje ligg i Stordal sokn (Fjord kommune frå 1.1.2020). Øystein Braathen er sokneprest og soknerådet stiller som kyrkjevertar og klokkarar, og andre tilsette deltek under eindel gudstenester. Særleg i høve trusoplæringstiltak og konfirmantarbeid.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
515366
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a1ae5ba6-49eb-49da-a6d7-c820137675a5