Konsulent i frivilligsentralen -100% vikariat
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. september
Vil du bli med og gjere ein skilnad i lokalsamfunnet?
Frivilligsentralen sør har ledig eit års vikariat og vi søker eit engasjert og kreativ menneske som vil vere med å styrke fellesskapet. Du vil bli ein del av eit raust og engasjert team.
Frivilligsentralen er ein møteplass for frivilligheit, der vi koplar saman menneske som ønskjer å bidra, med dei som treng hjelp eller støtte. Vi skal vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor som skal jobbe for å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn gjennom aktivitetar, prosjekt og samarbeid med frivillige organisasjonar og lokale aktørar. I Kvinnherad har vi to frivilligsentralar som saman jobbar for å gje innbyggjarane eit breitt og tilpassa tilbod. Begge sentralane er ein del av det same engasjerte teamet og vi legg vekt på å halde eit godt miljø på arbeidsplassen.
Som ein del av teamet hos frivilligsentralen vil du:
Planleggje og gjennomføre aktivitetar, prosjekt, tilbod og arrangement som engasjerer lokalsamfunnet saman med resten av teamet i frivilligsentralen.
Bygge og styrke nettverk mellom frivillige, lag og foreiningar, og lokale aktørar.
Inspirere og motivere frivillige til å bidra med si tid og sine ressursar.
Vi ser etter deg som:
Brenn for frivilligheit og har eit ope og inkluderande menneskesyn.
Har erfaring frå prosjektarbeid, organisasjonsarbeid eller frivilligheit.
Er ein dyktig relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonsferdigheiter.
Trivst med å skape struktur i ein variert og spennande kvardag.
Er kreativ, løysingsorientert og har gjennomføringsevne.
Har gode digitale ferdigheiter
God fleirkulturell forståing
Har relevant utdanning, kompetanse eller erfaring innan til dømes folkehelse, integrering, barne og ungdomsarbeid, pedagogikk, sosialt arbeid og frivilligheit.
Personlege eigenskapar vert monaleg vektlagt.
Kva kan vi tilby?
Ein meiningsfull jobb der du får moglegheit til å gjere ein positiv skilnad i andre sitt liv.
Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø med mykje latter og varme.
Du blir ein del av eit raust og engasjert team.
Variert arbeid og moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
Fleksibel arbeidstid basert på arbeidsplan, der noko kveld- og helgearbeid må påreknast.
Kontorplass på Husnes.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppeforsikring gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med Hovudtariffavtalen og Arbeidsmiljølova.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a194778f-a33c-419a-ac1c-246d7f0f7b2c
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3534667_225971_nn