Under 18 år og ynskjer sommarjobb?
Solund kommune Solund kommune
Hardbakke, 6924 Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb 13-17 år
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I mange år har Solund kommune tilbydd sommarjobbar for ungdom i alderen 13 – 17 år. Dette har vi gode erfaringar med. Det er kjekt å kunne tilby ungdommen vår jobb i tidleg alder og ungdommen er ein kjempe ressurs for kommunen.
Målsetjinga er at ungdom skal få oppleve mangfaldet i arbeidsoppgåver, trong for kompetanse og få kjennskap til mogleg framtidig stilling i Solund kommune. Prosjektet legg til rette for at ungdom skal få erfaring med tilsetjingsprosess og arbeidslivet. Prosjektet har auka i popularitet dei siste åra, og kommunen synest det er veldig kjekt at så mange har lyst å prøve seg her hos oss.
Dessverre gjer den store pågangen at me ikkje kan garantere tilbod til alle som søkjer. Det vil mellom anna bli lagt vekt på at søkjar har bustadadresse i Solund, alder og motivasjon. Det er difor viktig at du som søkjar skriv litt om kva område du ynskjer å arbeide med, gjerne fleire områder i prioritert rekkefølgje, samt kvifor du ynskjer å jobbe med dette/desse områda. Det er og svært viktig at du seier noko om kva periode du kan jobbe i sommar.
Arbeidsstad og funksjon- Medarbeidar i helse og omsorg
- Medarbeider i reinhaldstenesta
- Medarbeidar i utetenesta med oppgåver knytt til vedlikehald, opprydding og liknande
- Medarbeidar på biblioteket
- Medarbeidar på frivillegsentralen, Gjenbruket, turistinformasjonen og BUA
- Det kan kome andre arbeidsoppgåver til
- Søkjar må vere motivert til å arbeide, syne interesse for arbeidsoppgåvene og ta del i arbeidsmiljøet
- Søkjar til barnehage må vere ferdig med 10. klasse
- Om det er mange søkjarar vert ungdom med bustadadresse eller forelder busett i Solund og dei eldste prioritert først
Vi tilbyr
- Arbeidserfaring med rettleiing og innføring i arbeidslivet
- Løn etter tariff. Timelønssatsane vil bli oppjustert frå 1. mai 2025, men pr. idag er timesatsen
- 13, 14 og 15 år: kr 156,9 pr. time
- 16 og 17 år: kr 176,5 pr. time.
- Minst 30 timar arbeidserfaring.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukeridentitet og passord i EasyCruit.
Velkomen som søkjar!
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #SommerjobbivestSolund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888746
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3472393_140879_nn