Hopp til innhold

Sommarjobb ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469

Arbeidsgiver

Stiftinga Norsk fjellmuseum

Sted

Brubakken 2, 2686 Lom

Om jobben

Stillingstittel
Sesongmedarbeidar
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
9
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Er du glad i naturen, fjella, dei hardføre dyra og plantane som lev der, og nysgjerrig på korleis klimaet påverkar alt? Er du i tillegg nysgjerrig på kulturhistorie og Noreg sine nasjonalparkar? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap både i resepsjonen og utstillingane på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen.

Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum og er ein viktig innfallsport til fjella og nasjonalparkane, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. På Norsk fjellsenter har vi fleire utstillingar, blant anna landets største utstilling av brearkeologiske funn. Klimapark 2469 ligg ved foten av Galdhøpiggen ved Juvasshytta cirka 1850 moh. og er ein unik arena for formidling av klimaendringar, høgfjellsnatur, iskunst og brearkeologi.

Stillingar

Medarbeidarar ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 med arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, butikksal og formidling av natur- og kulturhistorie.

Oppgåvene kan variere noko frå dag til dag. Vi treng arbeidshjelp frå midten av mai til oktober, men det er mogleg å jobbe deler av denne perioda også. Vi er spesielt på utkikk etter folk som kan arbeide i heile juli.

Vi tilbyr
  • arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, resepsjons- og butikkarbeid, og formidling av natur- og kulturhistorie på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 og istunnelen.
  • eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • opplæring i forkant av sesongen
  • bustad i Lom dersom du har behov for det
  • elbil mellom Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter
  • Kvalifikasjonar Du må:
  • ha interesse for natur og friluftsliv og gjerne utdanning innan feltet
  • trivast ute
  • vere over 18 år og ha førarkort for personbil
  • evne å formidle munnleg godt på norsk og engelsk.
  • evne å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • evne å sjå dei besøkande og formidle god informasjon
  • kunne arbeide både ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469
  • Merk deg at bustaden for sommartilsette ligg i køyreavstand frå Lom sentrum. Det er difor ein fordel om du disponerer bil sjølv eller allierer deg med nokon som har bil. Frå Norsk fjellsenter/sentrum og opp til Klimapark 2469 får du køyre jobbilen i lag med dei andre tilsette.

    Lurar du på noko? Kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon: 97 18 04 69 eller e-post: mai@norskfjellsenter.no.

    Søknad og CV sendast innan 15**. februar 2026** på e-post til mai@norskfjellsenter.no. Hugs å oppgi kva periode du kan jobbe.

    Om bedriften

    Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellsenteret er ein del av Stiftinga Norsk Fjellmuseum, og er også forvaltningsknutepunkt. Fjellmuseet skal syne menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss.

    Klimapark 2469 er ein utandørs formidlingoppleving ved Juvfonne, 1850 moh. Gjennom sommarsesongen har vi guida turar i dette landskapet som husat Noregs høgsliggande forskingsområde for klima og natur, der vi avsluttar turen i ein handhogd istunnell i Juvfonne. Tilbodet er utvikla i samarbeid med fagleg kompetente aktørar og tilrettelagt for eit breidt publikum. Vi formidlar innsikt i pågåande klimaprosessar, samspelet mellom natur og menneske i eit langtidsperspektiv.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a12a4de6-2dc6-4d86-bcff-b6672308ab06

    Sist endret

    15. januar 2026

    Hentet fra

    FINN

    Referanse

    445776851

    Lignende annonser