Helsefagarbeidar 100 % fast stilling
Austrheim kommune
Austrheimvegen 1019, 5943 Austrheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om stillinga
Er du helsefagarbeidar og ser etter ei trygg og meiningsfull fast stilling – med gode vilkår og fagleg utvikling?
Då ønskjer vi deg velkomen til Nordliheimen sjukeheim i Austrheim kommune!
Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med arbeid på dag og kveld.
Hos oss får du ein variert og lærerik arbeidskvardag, eit godt fagmiljø og kollegaer som bryr seg – både om kvarandre og dei vi er her for.
Nordliheimen er ein kommunal sjukeheim med 28 døgnplassar – fordelt på langtidsplassar, korttidsplassar, ei skjerma eining for bebuarar med demens, og rom for ØHD (øyeblikkeleg hjelp døgntilbod). Her møter du ein meiningsfull arbeidskvardag med både faglege utfordringar og nære relasjonar.
Som helsefagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av eit engasjert og tverrfagleg team som jobbar målretta for å sikre kvalitet og utvikling i tenestene våre. Det tverrfaglege samarbeidet står sterkt og er ein sentral del av helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kontinuerleg kvalitetsforbetring.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie- og omsorgsoppgåver til pasientar på Nordliheimen sjukeheim
- Samarbeide med pasient og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen
- Instruktør for helsefagarbeidarlærlingar i eininga
Kvalifikasjonskrav
- Norsk godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kven ser me etter?
Vi ser etter deg som har eit hjarte for å jobbe med eldre og personar med samansette hjelpebehov.Du tek ansvar og trivst med utfordringar, og er ein positiv bidragsytar til eit arbeidsmiljø prega av trivsel, kvalitet og godt samarbeid. Du har evne til å sjå heilskapen, samstundes som du er merksam på behova til kvar enkelt pasient, pårørande og kollega.
Du er trygg i rolla di, arbeider strukturert og tek initiativ – både i sjølvstendig arbeid og i samarbeid med andre. Med ei løysingsorientert haldning og gode samarbeidsevner, ser du moglegheiter der andre ser hindringar.
Me tilbyr
- Konkurransedyktig løn, med fast institusjonstillegg på kr. 20 000,- per år i 100 % stilling
- Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Moglegheit for vidareutdanning
Nytilsettopplæring og oppfølging
Me har det kjekt saman på jobb! Du er velkomen i teamet.
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommuneEr du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.
Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.
Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.
Kjelde: www.regjeringa.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingen
Anne Berge Brattetaule
Einingsleiar ved Nordliheimen
+4756162040
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a1040dd9-edd7-4fb6-81b2-dd1c899bf1bc
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258357