Vikariat avdelingsleiar Dalsøyra barnehage og skule, avd. Hovden barnehage
Gulen kommune
Hovden 41, 5960 Dalsøyra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage og skule, avd. barnehage (Hovden). Vikariat 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Om stillinga
Ynskjer du å bidra til eit godt oppvekstmiljø i Gulen kommune? Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Hovden barnehage har ledig 100% vikariat som avdelingsleiar frå snarast/etter avtale og ut desember 2025, i fyrste omgang. Det kan verte moglegheit for forlenging av dette vikariatet. Dersom du har tilfredsstillande kvalifikasjonar, kan stillinga verte gjort om til 100% fast pedagogisk stilling i Gulen kommune, etter endt vikariat. Ein må då sjå kvar i kommunen behovet for pedagog er størst.
Som vikarierande avdelingsleiar vil du vere nøkkelperson i initiativtaking, setje i gong tiltak, føre utviklings- og endringsarbeid, samt følgje opp det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdelingane Dalsøyra og Hovden. Klikk deg inn her for å finne meir informasjon om Hovden barnehage.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverkssamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
- Alle barnehagane har fullført programmet "De utrolige årene"
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er delvis knytt til arbeid i barnegruppa i avdeling barnehagen og delvis administrativt arbeid. Vi ynskjer at einingsleiar, avdelingsleiar skule og avdelingsleiar barnehage, som utgjer leiarteamet ved eininga, saman skal utvikle eininga, og sjå heile eininga saman. I tillegg til utviklingsoppgåver og oppgåver på tvers av barnehage og skule, har avdelingsleiar barnehage fylgjande oppgåver knytt til barnehageavdelinga:
- Ansvar for at det pedagogiske arbeidet skjer i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Personalleiing og - utvikling
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i drifta av avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse
- Det er ein fordel med leiarerfaring
- Er utviklingsretta og kan leie endringsprosessar
- Har evne til å vidareutvikle eit godt arbeids- og læringsmiljø
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er ein tydeleg leiar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Bidra til å vere ein stabil vaksen i borna sin kvardag, og til eit godt arbeidsmiljø
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Evne til å leie og utvikle organisasjonen
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Solveig Haveland
Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule
+4747632338
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0e87f11-1c91-4c1f-a12d-65eb72174160
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258803