Sommarvikariat legar/ medisinstudentar 2025
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat legar/medisinstudentar 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
82
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Sommaren 2025 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved ei rekke avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 4-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.
Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar).
Du må skrive i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.
Periode: veke 25 - 35
Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:
- Psykiatrisk klinikk - 14 vikariat
- Øyane distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat
- Kronstad distriktspsykiatriske senter (psykose døgn og allmenn døgn) - 2 vikariat
- Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat
Voss sjukehus:
Somatikk:
- Augeavdelinga - 3 vikariat
- Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk - 10 vikariat
- Hjarteavdelinga - 4 vikariat
- Hudavdelinga - 1 vikariat
- Kirurgisk klinikk - 4 vikariat fordelt på: 2 Avdeling for urologi, 2 Plastikkirurgisk og 1 Avdeling for karkirurgi
- Klinikk for hovud-hals - 1 vikariat
- Lungeavdelinga - 4 vikariat
- Mottaksklinikken - 6 vikariat
- Nevrologisk avdeling - 4 vikariat
- Nevrokirugisk avdeling - 4 vikariat
- Skadepoliklinikken, Bergen Helsehus - 10 vikariat
- Medisinsk klinikk, Infeksjon - 2 vikariat
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
- Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
- Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
- Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
- Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Er målretta, og får oppgåvene gjort
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, linda.rothe.ystanes@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4897087125
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814421
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f44e28bad7a445d3b31fac4c430bb06b