Bli førarprøvesensor
Statens vegvesen
Heiane 4, 5131 Nyborg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førerprøvesensor Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Om stillinga
Som førarprøvesensor skal du bidra til at våre vegar blir fylte av kompetente sjåførar. Vi søkjer deg som er god på kundebehandling og opptekne av sikker åtferd i trafikken. Les meir om det å vera sensor her.
Arbeidsoppgåver
Hovedoppgåva er gjennomføring av praktiske førarprøver i klasse B, men ved behov kan det også bli aktuelt med prøver i andre klassar eller anna trafikktryggleiksarbeid. Den som blir tilsett som sensor, må gjennomføra grunnutdanning for førarprøvesensorar (TK-studiet). Grunnutdanninga blir avslutta med eksamen.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av ein fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kompetansekrav
Du må ha fullført minst to års universitets- eller høgskuleutdanning (høgskulekandidat). Det er ein fordel om du har trafikklærarutdanning, og du bør ha ei sterk interesse for trafikk og trafikktryggleik. Utdanningskravet kan fråvikast om du har fullført vidaregåande skule og er godkjent trafikklærar. I heilt spesielle tilfelle kan også utdanningskravet fråvikast dersom du har fagbrev som yrkessjåfør.
I tillegg må du
- ha førerett og køyreerfaring på tunge køyretøy
- ha fylt 25 år og hatt førerett klasse B samanhengande dei siste 5 år
- oppfylle helsekrava for å oppnå førerett i klasse D
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.
I tillegg legg vi vekt på at du:- kommuniserer godt med ulike typar menneske
- har god trafikal forståing og gode køyreferdigheiter
- er fortruleg med bruk av digitale verktøy
- meistrar godt skriftleg og munnleg engelsk, i tillegg til norsk
- samarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har førerett og køyreerfaring frå fleire klassar, som mellom anna BE
- jobbar ryddig og strukturert
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Arbeidsstad for stillinga er Bergen trafikkstasjon. Det er viktig for oss å få ei god utnytting av ressursane i våre område, det kan derfor vere aktuelt med ein del reising mellom ulike trafikkstasjonar.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenFyll ut feltane "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Testar og bakgrunnssjekkArbeidspsykologiske testar kan inngå som ein del av rekrutteringsprosessen vår, for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Slike testar kan bidra til å støtte ei rettferdig og objektiv vurdering av kandidatane, og hjelpe oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ Arbeidsgiverportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Om vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Kontaktperson for stillingen
Torunn Merethe Danielsen
Kontorsjef
+4755516757
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0dbac31-3cbe-4acb-b8e7-884e02f55c6e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256906