Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja?
Havtech As
Askvoll, Sunnfjord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Salgs- og markedskonsulent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Send søknad til
Målet vårt i Havtech er kort og enkelt å lage enkle og intuitive, moderne softwareprodukt som gjer det enda kjekkare å arbeide innen den maritime næringa. Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Vi er her for å transformere korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.
No søkjer vi deg -- ja, nett deg -- for å navigere den neste bølgja av digital utvikling i den maritime sektoren. Du som likar folk, forstår behov, og har lyst til å vere med å få fleire i den maritime næringa til å oppdage kor mykje enklare og smartare kvardagen kan bli med løysingane våre.
Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumearar, praktikarar og kodarar som ser digitaliseringa som det store blå -- som uendeleg og fullt av moglegheiter.
Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja? Kom og sett ditt preg på framtida. Vi kan nesten ikkje vente med å ha deg om bord!
Kva ser vi etter?Ein person som likar å møte- og prate med andre mennesker - som er utålmodig, målretta og uredd. Og som har lyst til å vere med å skape vekst med å ta initiativ og stå på i ein spennande kvardag.
Hos oss blir du viktig for å sikre vekst. Vi jobbar langsiktig, så ein må vere uthaldande. Samstundes må ein drivast av å jobbe med- og lukkast med sal.
Vi er opptekne av samarbeid, både med kollegaer, kundar og leverandørar. Har du erfaring frå B2B-sal er det fint, det same er det om du har maritim bakgrunn. Men det aller viktigaste er at du har lyst å lære deg produktet vårt og bransjen vi jobbar i. Du må beherske både norsk og engelsk.
Arbeidsoppgåver-
Identifisere og utvikle nye leads og salsmoglegheiter gjennom oppsøkande arbeid, nettverksbygging og målretta marknadsaktivitetar
-
Drive aktivt oppsøkjande sal og delta i kundemøte
-
Utarbeide og følgje opp tilbod
-
Vidareutvikle og styrke relasjonar med eksisterande kundar
-
Jobbe tett saman med utviklingsteamet for å sikre at kundane får dei beste løysingane
Sidan 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa. Med ei sterk drivkraft for framtidsretta teknologi og havet har vi skapt "Ombord", ei enkel alt-i-eitt-løysing for maritim administrasjon. Målet vårt er å gjere kvardagen både enklare og meir gjevande for rederi og mannskap.
Vi har base i Holmedal, Vestland, og er i dag 7 tilsette. Vi har også kontor på Peak Sunnfjord i Førde.
Dette trur vi på i Havtech:
Fleksibel kvardag : Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv.
Karriereutvikling : Havtech er grunnlagt på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, med kontinuerlege utviklingsmoglegheiter og den påfyllinga du treng.
Engasjerande og støttande kultur : Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.
Søknad/spørsmål sendast til: kjartan.habbestad@havtech.noFor meir informasjon sjå og https://havtech.no/jobb-her/
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Siden 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa.
Ved å jobbe innanfor fleire maritime felt, fanger vi det beste frå kvar kategori i løysingane vi tilbyr, og oppdaterer dei fortløpande med ny lærdom frå brukarane.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0d1802c-95dd-4132-a899-8d6aec3b7c73
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a0d1802c-95dd-4132-a899-8d6aec3b7c73