Tilkallingsvikar navigatør Nordmøre
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6600 Sunndalsøra
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar navigatør Nordmøre
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har behov for å knytte til seg vikarar til kortare og lengre tilkallingsoppdrag i stillinga som navigatør på Nordmøre. Behovet vil gjelde ulike samband.
Ein fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til?
Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.
Oppstart etter avtale.Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- D3 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Gode leiareigenskaper
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Torill Vestad, Bemanningskoordinator, (+47) 91318256Arbeidsstad
6600
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4621086954
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.06.2023
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2252985
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a3e8de7137c74314b960c44ec8fee0d2