Hopp til innhold

Byggesaksbehandlar

Arbeidsgiver

Plan og forvaltning, Time kommune, Samfunn og kultur

Sted

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Byggesaksbehandlar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Vil du vere med å forme framtidas Time – og score vedtak som ein meister?
Time kommune er ein av regionens mest spennande vekstkommunar, med høg utviklingstakt, sterke fagmiljø og eit tydeleg mål om gode tenester til innbyggjarane. Her jobbar vi tett på både menneske og samfunnsutvikling, og du får ein arbeidskvardag der innsatsen din gjer ein forskjell kvar einaste dag.
I byggesaksavdelinga er vi ein fagleg sterk og engasjert gjeng som jobbar med alt frå mindre tiltak til komplekse byggesaker. Vi samarbeider tett med innbyggjarar, utbyggjarar og kollegaer på tvers av fag, og er opptekne av kvalitet, effektivitet og gode løysingar.


Arbeidsoppgåver

Kva går jobben ut på?
Som byggesaksbehandlar vil du få ei sentral rolle i kommunen si samfunnsutvikling. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:

  • Saksbehandling etter plan- og bygningslova
  • Behandling av byggesøknader,. Alt frå enklare tiltak til meir komplekse prosjekt
  • Følgje opp tilsyn og ulovlege forhold, og sørgje for at plan- og bygningslova blir etterlevd i praksis gjennom systematisk tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak
  • Frådeling, matrikkelføring, seksjonering.
  • Rettleiing og dialog med innbyggjarar, utbyggjarar, konsulentar og entreprenørar
  • Tverrfagleg samarbeid med andre fagområde i kommunen
  • Vurdering av tekniske krav, mellom anna innan konstruksjon og brannsikkerheit
  • Bidra til effektiv og god framdrift i byggesaksprosessar
  • Delta i utvikling og forbetring av rutinar og digitale løysingar

 

Hos oss jobber du både sjølvstendig og i team, og du får høve til å påverke korleis vi løyser oppgåvene framover.

No ser vi etter deg som vil vere med på laget – ein som kan «score vedtak» med same presisjon, gjennomføringsevne og tryggleik som Erling Braut Haaland scorar mål. Er du klar til å score ditt neste vedtak? 

    Kvalifikasjonar

    Vi er opptekne av kompetansen din, men også av kven du er og kva du kan bidra med. Difor er vi opne for kandidatar med ulik fagleg bakgrunn, til dømes innan:

    • Arealplanlegging
    • Arkitektur
    • Ingeniørfag (Fortrinnsvis byggrelatert). 
    • Jus

    Du bør ha relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning. 

    Erfaring frå offentleg sektor eller frå arbeid med byggesøknader (til dømes som søkjar) vil vere ein fordel. Erfaring eller kompetanse med kart, matrikkelføring, geodata, digitaliseringsarbeid er og relevant. 

    Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
    • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
    • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
    • Personleg eignaheit vil verta vektlagt. 
    • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
    • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
    • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
    • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

    Vi tilbyr

    • Gode pensjonsordningar 
    • Løn etter avtale
    • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
    • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

     

    Kontaktinformasjon

    Svein Harald Dyngen, Avdelingsleder plan og forvaltning, svein.harald.dyngen@time.kommune.no

    Arbeidsstad

    Arne Garborgs veg 30
    4340 BRYNE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Time kommune

    Referansenr.: 5138574663
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.09.2026
    Sluttdato: 31.08.2027
    Søknadsfrist: 17.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Svein Harald Dyngen

    Avdelingsleder plan og forvaltning

    svein.harald.dyngen@time.kommune.no

    Om bedriften

    "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

    Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a0c4cb0f-a69c-4982-95cb-ea6556780ecc

    Sist endret

    2. juni 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a33cb95c4acc41bd8981602313de8aa8

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser