Hopp til innhold

Er du engasjert i å arbeide med sårbare barn, unge og familiar?

Arbeidsgiver

Ål kommune Oppvekstsektoren

Sted

Torget 1, 3570 Ål

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
MIljøterapeutisk team
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ål kommune opprettar eit miljøterapeutisk team som prøveprosjekt i 2026. Dette teamet skal bestå av inntil 3 medarbeidarar, kvar i inntil 100% stilling. Teamet skal arbeide behovsstyrt og systematisk ved alle skular og barnehagar i kommunen, og vil organisatorisk bli plassert under kommunalsjef oppvekst. Ein av medarbeidarane vil få fagansvar for teamet i delar av stillinga.

Målgruppa for dette tiltaket er born og unge som strevar med åtferdsvanskar, traumeproblematikk, sosiale og emosjonelle vanskar og andre sterke kjensleuttrykk som gjer det vanskeleg for born og vaksne i barnehage og skule.

Teamet skal arbeide
  • Direkte med barn og unge ved skular og barnehagar i Ål kommune.
  • Tett saman med medarbeidarar ved den einskilde skule/barnehage, spesielt miljørettleiarane som allereie er tilsette i avdelinga.
  • Oppfølging av einskildborn, trivsel og trygge klassemiljø for alle, gruppetilbod og tverrfagleg samarbeid.
  • Stabilisere utfordrande situasjonar for born og vaksne, dessutan laga trygge og gode system for at teamet etterkvart kan trekke seg ut.
Teamet skal dessutan
  • Samarbeide med aktuelle samarbeidspartar frå t.d. Familiens hus, barneverntenesta, koordinerande eining og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.
  • Kunne tilby miljøterapeutisk bistand gjennom tilrettelegging, rettleiing, kompetanseheving og støtte i barnhage, skule og heim.
  • Overføre kompetanse og erfaringar til dei vaksne som jobbar rundt borna/ungdommane  i kvar avdeling.
  • Samarbeide tett med dei som er tettast på born og unge ute i oppvekstsektoren, slik at medarbeidarane i skule og barnehage blir trygga og rusta til å halde tak i arbeidet før, under og etter ein krevjande periode.
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, relevant for arbeid med barn og unge.
  • Kompetanse/erfaring knytt til arbeid  med sårbare barn, unge og familiar.

Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • Har motivasjon og interesse for sårbare barn og unge.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Har pågangsmot og engasjement.
  • Er påliteleg og positiv.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
  • Meiningsfullt og gjevande arbeid.
  • Engasjerte kollegaer.
  • Utviklande fagmiljø.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Pensjonsordning KLP og lønn etter HTA.
Politiattest og søknad
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren. Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a0ad1e18-c4e6-4d2b-bbda-322d1f66208d

Sist endret

22. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569311_200323_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser