ID 2107 Psykolog/terapeut i MST-CAN - Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog, psykologspesialist, master innan helse- og sosialfag.
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Sunnhordland interkommunale barnevernteneste (SIB) etablerer, i samarbeid med barneverntenestene i Haugesund og Karmøy, nå eit team som gir multisystemisk terapi til familiar der det er forekomst av vald og/eller alvorleg omsorgssvikt. I MST-CAN (Multisystemic therapy -- child abuse and neglect) gir terapeutane heimebasert behandling til heile familien for å sikre trygge omsorgsforhold for barna og for å forhindre omsorgsovertakelse og plassering utanfor heimen.
Tenesta har i dag tilsett rettleiar/leiar for teamet, to psykologar/terapeutar og ein miljøterapeut. Januar 2024 startar teamet med opplæring i modellen med støtte frå NUBU og MST-CAN England.
Vi har ledig 2 faste stillingar i 100% der vi søker lærevillige og framoverlente psykologar/psykologspesialistar eller terapeutar.Stillingane inneber ein unik mogleik for opplæring i, og arbeid med, ei systemisk og fleksibel behandling som har vist gode resultat for barn og unge utsatt for vald og alvorlig omsorgssvikt. MST-CAN teamet består av ein leiar/rettleiar, tre-fire terapeutar/psykologar og ein miljøterapeut. Terapeutane har sjølvstendig behandlingsansvar og samarbeider tett med resten av teamet i det daglege arbeidet. MSTCAN teamet er lokalisert i Stord kommune som ein del av Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, men vil også yte tenester til barneverntenestene i Haugesund og Utsira, samt Karmøy og Bokn. Stord vil vere base for felles rettleiing ein dag i veka. Det vil vere tilgjengelege kontor både på Stord og i Haugesund. SIB samarbeider tett med Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), som har fagleg ansvar for behandlingsmodellen.
SIB er organisert med Stord som vertskommune, og har Bømlo og Fitjar som samarbeidskommunar. SIB har rundt 35 tilsette, og saman skal vi forvalte alle oppgåver og områder innan Lov om barnevernsteneste i våre tre kommunar. Vi er fordelt i ulike arbeidslag: sped- og små, barn, ungdom, omsorg og familierettleiarar. MST-CAN teamet vil vera organisert som eige team, rett under barnevernsleiar. Stord kommune er formell tilsettingsstad.
Meir informasjon om MST-CAN finn du her: https://www.nubu.no/metoder/MST-CAN/
Informasjon om NUBU finn du her: https://www.nubu.no/om-oss/category7.html
Arbeidsoppgåver- Terapeutisk arbeid etter MST-CAN sine behandlingsprinsipp og praksis
- Koordinere det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og samarbeide nært med mellom anna skule, PPT, NAV, barnevern og psykisk helsevern
- Terapeutane i teamet har sjølvstendig behandlingsansvar i sine saker og arbeider til tider som er tilpassa familien sine behov
- Utføre MST-CAN sine kvalitetssikringsrutinar, herunder deltakelse i vekentleg rettleiing
- Delta i informasjonsarbeid om MST-CAN
- Delta i utviklingsarbeid/aktivitetar i barneverntenesta for øvrig
- Det er krav om utdanning og autorisasjon som psykolog, fortrinnsvis psykologspesialist, eller ein mastergrad innan helse- og sosialfag med brei erfaring frå terapeutisk arbeid
- Det er krav om grundig kjennskap til det teoretiske fundamentet som metoden bygger på; dvs. systemteori, familieterapi, sosial læringsteori og kognitiv atferdsterapi generelt og spesielt for traumebehandling og rusbehandling
- Ønskeleg med vidareutdanning/erfaring frå familieterapi og arbeid med barn/ungdom
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med evidensbasert metodikk
- Gode norsk- og engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Evne til god og tillitsbyggande kommunikasjon med menneske i vanskelege livssituasjonar, kollegaer og samarbeidsinstansar
- Inneha god rolleforståing og gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig og initiativrik
- Inneha beslutningsevne og evne til å oppnå resultat
- Evne til, og erfaring med, å skaffe seg oversikt og arbeide strukturert og planmessig
- Stor arbeidskapasitet og interesse for fagleg og etisk refleksjon
- Lærevillig, robust og trives med variasjon i arbeidstempo
- Den som vert tilsett må kunne arbeide svært fleksibelt og inngå i ein vaktordning som gir familiane telefontilgjengelegheit 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka.
- Psykologane/terapeutane vekslar på å ha vakt ei veke om gongen. Tilgjengeligheten er regulert gjennom eigen avtale for MST-CAN terapeutar. Det vert gitt eit kompensasjonstillegg for tilgjengelegheita.
- Grundig opplæring innan MST og MST-CAN vil bli gitt. Den som vert tilsett må delta i opplæring i forbindelse med tiltreding i stillinga. Denne vil foregå delvis anna stad enn på Stord. Det er ynskeleg at ein kan delta på opplæring 22. -- 26. januar 2024.
- Den som vert tilsett må ha førarkort for bil og kunne disponere eigen bil i tenesta
- Originale eller bekrefta kopiar av vitnemål og attestar vil bli etterspurt for kandidatar som er aktuelle for innstilling
- Tilsettingsprosessen vert føretatt i eit samarbeid mellom SIB og NUBU. Søkarar må vere innforstått med at NUBU får innsyn i søknadar
- Politiattest vil krevjast ved tiltredelse, jf. barnevernsloven § 12-11, og forskrift om politiattest § 6
- Ein unik mogleik til å vere med på å etablere eit nytt behandlingstiltak
- Behandlingsmessige rammer som legg til rette for å kunne arbeide intensivt og heilskapleg med kvar familie
- Fagleg tett oppfølging gjennom rettleiing og tilgjengeleg leiar
- Spennande faglege utfordringar og utviklingsmogleikar, og svært meiningsfylte dagar på jobb
- Fire faglege samlingar i året saman med teamet
- Offentlig tjenestepensjonsordning. Yrkes/ulykkesforsikring i arbeid, ulykkesforsikring
- Tilbod om medlemskap i Velferdsklubben, som gir tilgang til trimrom, leige av hytter ved sjø og fjell, sosiale arrangement m.m.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
Gunborg Irene Spissøy Kyvik, prosjektleiar, tlf. 950 13 675
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2486998
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a082a453-79f7-4094-937a-c5a11d492b7e