Fast helgestilling
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling Psykiatrisk Akuttmottak/ Seksjon PAM2, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast helgestilling ved PAM2
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 9 sengeplassar. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi har no ledig faste helgestillingar med arbeid pt på dag/kveld.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta kvar enkelt pasient
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planlegge og sette i verk miljøtiltak
- Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
- Pårørandearbeid
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- For sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar er det krav om norsk autorisasjon
- Studentar innan helsefag
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid
- Ansvarsbevisst
- Interesse for sjukepleie som fag
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonseevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Vemund Lægreid Grønstøl, Konstituert seksjonsleiar, 55956412Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4937672279
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Vemund Lægreid Grønstøl
Konstituert seksjonsleiar
55956412
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2891905
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b22108a08c44654b279cc972eb475a8