Lege i spesialisering 2/3 - oftalmologi
Augeavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering - oftalmologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig to årsvikariat for Lege i spesialisering frå 01.09.2025, med moglegheit for forlenging eller fast stilling.
Oppstart etter avtale.
Om avdelinga:
Augeavdelinga har 9 legestillingar, derav 4 LIS, optikar, og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, ein god utstyrspark, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Vil du vite meir om Helse Førde? Les her.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
- Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
- I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
- Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer søkjar med erfaring i oftalmologi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Odd Arne Standal, Avdelingssjef, (+47) 578 31 699Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4992999981
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Odd Arne Standal
Avdelingssjef
(+47) 578 31 699
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0066bc5-4fff-4dd8-986f-1b88fbc463a7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b43278d9b8c47beb16cd8a272af763e