Hopp til innhold

Sommarjobb innan utandørs drift i Ramsund

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

9442 Ramsund

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb i Ramsund
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Forsvarsbygg i Ramsund søker sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til utandørs drift.
Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, kantklipp, luking i bed og andre liknande oppgåver.

Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du ønsker å jobbe.

 

Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i Ramsund 100 % stilling i 4 veker innanfor den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg. Det kan vere aktuelt med arbeid ettermiddag og helg etter skulestart ved behov.

 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


Arbeidsoppgåver

  • Klipping av plen
  • Kantklipping
  • Luking i bed
  • Påkommande oppgåver

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026.
    Nokre søkarar/kandidatar må ha sertifikat kl B
  •  Du må kunne autoriserast før oppstart

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 293 500 - 417 600 i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Nikolay Øverland, Områdeleiar, 476 97 594

Arbeidsstad


9442 Ramsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5085986290
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Nikolay Øverland

Områdeleiar

476 97 594

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9fd752a4-3e64-487b-bf0d-f6245b6803ff

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cf5d2bb95a0e434c91935e151cc81d0d

Lignende annonser