Strategisk rådgivar maritim
Møre og Romsdal fylkeskommune
6509 Kristiansund N, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Strategisk rådgivar maritim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. mai
Strategisk rådgivar maritim
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vil du jobbe med strategisk rådgiving opp mot ferjetilbodet i Møre og Romsdal? Vi er det største ferjefylket i landet, målt i talet på køyretøy på ferjer, og vi ønsker å vere eit føregangsfylke innanfor maritim sektor.
Stillinga er plassert i kollektivavdelinga FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 20 millionar rutekilometer med buss kvart år.
I FRAM er det ledig fast stilling som strategisk rådgivar. Vi søker etter ein utviklingsorientert person og pådrivar, som skal vere med på å forme ferjetilbodet i Møre og Romsdal.
Stillinga kan ha kontorstad i Molde eller på Campus Kristiansund
Arbeidsoppgåver
- Strategisk planlegging
- Utarbeide gode anbodsgrunnlag
- Gjennomføring av anbodsprosessar med rett kvalitet
- Bidra til innovasjon og utvikling av tilbodet i eksisterande kontraktar
- Leie prosessar og prosjekt internt i avdelinga og ovanfor operatørane og publikum
- Utarbeide saksframlegg for politisk behandling
- Analyse av data for prognoser og optimalisering av tilbod.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan maritime fag, minimum bachelornivå, eksempelvis innan nautikk og logistikk.
- Relevant erfaring frå arbeidsoppgåvene i stillinga, og gjerne operativ maritim kompetanse
- Gode analytiske evner
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik og løysingsorientert
- Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
- Er god til å samarbeide med andre
- Har evne til å arbeidet strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevneVi tilbyr- eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig