Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver

Nordøyane heimeteneste

Sted

Øvstevegen 200, 6293 Longva

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar Nordøyane heimeteneste
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i fast stilling på 91,11%, for tida knytt til Nordøyane heimeteneste og Nordøyane dagsenter. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver. Om lag 20 % av stillinga er ved dagsenteret, medan resten av stillinga er knytt til heimetenesta.

Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, samt nattevakter kvar tredje helg. 

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med norskkompetanse på B2-nivå. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjonsevner og evne til å kommunisere tydeleg med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
  • Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du har godt humør og ei positiv framtoning.
  • Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
  • Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stor fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.    

Kontaktinformasjon

Tone Elise Austnes, Avdelingsleiar, 47684062, tone.elise.austnes@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Øvstevegen 200
6293 Longva

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5176537193
Stillingsprosent: 91,11%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tone Elise Austnes

Avdelingsleiar

47684062

tone.elise.austnes@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen

Tenesteleiar

90751954

ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9fc55b15-bb41-491b-bc45-f9529b225cf9

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

37504d3ea31b416b8b855316d30c673f

Lignende annonser

Laster lignende annonser