Tilkallingsvikar
Haramsøy barnehage, Haram kommune
Barnehagevegen 66, 6290 Haramsøy
Om jobben
- Oppstart
- 23. november 2026
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. januar
Vil du jobbe hos oss? Vi har behov for tilkallingsvikarer ved Haramsøy Barnehage
Haramsøy Barnehage er ein barnehage med ei avdeling med 17 barn som er delt i to grupper 1-2 år og 3-5 år. Vi har eit stort leikeområde ute og har kort veg til både skog, fjell og fjøre som blir nytta heile året. Vi har eit godt og stabilt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.
I barnehagen vår søkjer vi deg som er aktiv, leiken, og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du oppteken av at barn skal få ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.
Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester og der vi alle arbeider etter visjonen "Framover i lag kvar dag" . Vi har fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og lytte
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Følgje opp rettleiinga ein får
- Gjennomføre observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
- Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
- Melde avvik og komme med forslag til forbetring i Compilo
Kvalifikasjonar
- Godkjent politiattest av nyare dato.
- Jobbe i tråd med barnehagelova.
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har evne til å:
- Jobbe sjølvstendig
- Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass
- Relektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med andre tilsette
Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Kari Rogne Kolseth, Styrar, 99371693, kari.rogne.kolseth@haram.kommune.noArbeidssted
Barnehagevegen 666290 Haramsøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram kommuneReferansenr.: 5206539705
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 23.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 31.01.2027
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
881563be-1ed5-42ae-83be-d7a6c13ad7aa
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7fd7920f066646a89dcd0b0bfd024bce