Hopp til innhold

Lærarar

Arbeidsgiver

Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune

Sted

Dalevegen 50, 6270 Brattvåg

Om jobben

Stillingstittel
Lærar Brattvåg ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Brattvåg ungdomsskule søkjer to engasjerte og dyktige lærarar – ei 100 % fast stilling og ei 70 % stilling i vikariat – frå og med skuleåret 2026/27. Stillingane kan innehalde kontaktlæraransvar.

Vi ønskjer oss særleg søkjarar med norskkompetanse, gjerne i kombinasjon med kunst og handverk. Andre relevante fagkombinasjonar kan òg bli vurderte.

Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, i nærleiken av Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette. Elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Skulen er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, frå hausten 2026 innførast Itslearning som ny læringsplattform ved skulen. 

Vi ser etter deg som er engasjert, trygg og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for ungdom. Du er ein tydeleg klasseleiar med gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse. Ved Brattvåg ungdomsskule legg vi stor vekt på godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høg trivsel – både for elevar og tilsette.

I Haram kommune er gode og heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptekne av å arbeide på tvers av tenestene for å skape robuste og samanhengande tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ønskjer du å vere med og forme framtida til ungdommane i Haram?
Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag, med hovudvekt på norsk.
  • Tett samarbeid i team, der ein planlegg, evaluerer og utviklar praksis saman.
  • Deltaking i utviklingsarbeid og kontinuerleg fagleg oppdatering.
  • Samarbeid skule–heim, i tett dialog med føresette.
  • Relasjonsbygging mellom lærar og elev, med vekt på tryggleik, respekt og læringsglede

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og relevant fagkompetanse for stillinga.
  • Erfaring frå ungdomstrinnet er ein fordel.
  • Søkjar må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god rollemodell med gode omsorgsevner for barn og ungdom.
  • Du er fagleg sterk, engasjert og stødig i møte med elevar.
  • Du har god relasjonskompetanse og er glad i å vere saman med ungdom. 
  • Du kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og godt samarbeid og god kommunikasjon med dine kollegaer er viktig for deg
  • Du likar ein hektisk og variert kvardag. 
  • Du er opptatt av utvikling og forbetring, både av eigen og skulen sin praksis. 

Vi tilbyr

  • Eit kompetent og triveleg kollegium med fokus på samarbeid og trivsel.
  • Ein skule i utvikling, med tydeleg pedagogisk retning.
  • Gode digitale arbeidsverktøy og moderne læringsarenaer.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eit profesjonsfagleg fellesskap.

Kontaktinformasjon

Lars Flem Åkre, Rektor, 95861787, lars.flem.akre@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 50
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5122160331
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 24.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Lars Flem Åkre

Rektor

95861787

lars.flem.akre@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9fbd5f57-89e6-4f89-ade5-1f3112142f0e

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7fbe83a9e56944f5a1fe931cd1ead767

Lignende annonser

Laster lignende annonser