Montør - Klima og energiprodukt
Tussa
Fløvegen 170, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Montør - klima og energiprodukt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon er eit dotterselskap i konsernet. Selskapet har gjennom ei årrekkje opparbeidd seg eit solid fundament av kompetanse og lokalkunnskap. Vi er opptekne av å levere miljøvenlege løysingar som stettar krava i dag, og dei moglegheitene vi får i framtida. Faget vårt er i rivande utvikling, og vi legg stor vekt på å ha oppdatert kunnskap om morgondagen sine løysingar. Vi arbeidar både i privat - og næringsmarknaden.
Tussa Installasjon avd Ulsteinvik søkjer montør til klima - og energiprodukt
Vil du vere ein del av klima- og energisatsinga til Tussa Installasjon?
Vi lyttar til kundane våre og vil tilby montasje og service på varmepumper. Vi søkjer ein dyktig montør til dette arbeidet. I tillegg vil montasje og service av etablerte produkt som solcelle, energilagring, solskjerming og liknande inngå i stillinga.
For oss er det viktig å vidareutvikle den gode kunderelasjonen. Vi ønskjer montørar som strekk seg litt lenger for å gjere kunden fornøgd. Vi søkjer deg som er engasjert, har høg arbeidskapasitet og som ser viktigheita av god kundeservice. Vi skal levere produkt, service og oppfølging som gjer oss til den føretrukne leverandøren i regionen.
Kvalifikasjonar:- meistre godt norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- ha sertifikat klasse B
- det er eit pluss, men ikkje eit krav om du har f-gass sertifisering
- fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter i eit aktivt konsern
- uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på utvikling, sjølvstende og trivsel
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
Om bedriften
Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med om lag 300 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon.
Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Sektor
Privat
Nettsted