Sjukepleiar til fast stilling på natt
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S1, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til fast stilling på natt
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 sengeplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Frå mars 2025 aukar vi sengetalet og treng difor fleire med på laget.
Vi har ledig ei fast 80% stilling på natt med arbeid pt kvar 3. helg for sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus/Seprep
Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordras menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det tverrfaglege arbeidet i posten
- Oppfølging av pasientar samt utvikling/evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak
- Ansvarsvakt i seksjonen
- Gje god omsorg for pasient
- Pårørandearbeid
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan psykiatri/rus er ønskeleg
- Relevant erfaring frå sjukehus/psykiatri er ein fordel
- Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, samarbeidsvillige og fagleg engasjerte
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er løysingsorientert, tolmodig, god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon
- Lønn i samsvar med gjeldande overinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958722Asle Gramstad, Assisterande seksjonsleiar, 55958620
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4912520370
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 11.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844495
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5cb11287c859470fa15f7b7bfd14d8e1