Prosjektleiar næring
Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab, innan fagområdet næring. Stillinga er ei midlertidig prosjektstilling på 3 år. I samarbeid med representantar frå næringslivet skal du bidra til å vidareutvikle kommunen vår.
Arbeidsoppgåver
- Som prosjektleiar vil du ha det overordna ansvaret for utviklingsprosjekt vedtekne av Nordre Innovasjonsforum. Dette inneber ansvar for oppfølging, koordinering, resultat- og budsjettstyring, og dokumentasjon av framdrift og resultat.
- Etablere og oppretthalde god kommunikasjon med relevante interessentar, inkludert politiske aktørar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar, for å sikre effektivt samarbeid og framdrift i prosjekta.
- Vere ein synleg frontfigur som representerer prosjektet og Haram kommune i ulike samanhengar, både internt og eksternt.
- Marknadsføre Haram kommune som ein attraktiv destinasjon for tilflyttarar.
Noko reising må påreknast, først og fremst innanfor Møre og Romsdal.
Kvalifikasjonar
Vi trur at den nye prosjektleiaren vår har høgare utdanning innan økonomi, administrasjon, marknadsføring eller tilsvarande fagområde. Søkarar med relevant erfaring kan bli vurderte sjølv om dei ikkje har utdanning på høgare nivå.Du har erfaring med prosjektarbeid og innehar førarkort klasse B.Personlege eigenskapar
Du har gode ferdigheiter i å leie, og nå mål gjennom samarbeid. Vi trur òg at du er ein god kommunikator, god på nettverksbygging, og at du er komfortabel med å vere synleg både internt og eksternt.
Du treng ikkje vere ekspert på alle område, men det er viktig at du har evne til å inkludere andre og få fram det beste i dei ressursane og menneska du har rundt deg.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei spennande og utfordrande rolle med stor samfunnsmessig betydning. Dette er ei stilling der den rette kandidaten får brukt heile seg, og kan oppleve både sterk personleg og fagleg utvikling.
- Du blir del av eit kontorfellesskap på tenestehuset i Brattvåg. Her møter du eit godt arbeidsmiljø og kollegaer som er klare til å gi deg grundig opplæring og støtte.
- I tillegg får du tilgang til eit sterkt nettverk av fagpersonar frå det lokale næringslivet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å bygge relasjonar og samarbeide for å nå prosjektmåla.
- Som tilsett i Haram kommune får du forsikring, løn etter avtale og pensjon gjennom KLP. Du får sjølvsagt òg fleksibel arbeidstid.
Kontaktinformasjon
Inger Synnøve Remme, Næringssjef, 99424139, inger.synnove.remme@haram.kommune.noAnders Norvald Hammer, Kommunedirektør , 41635839, anders.norvald.hammer@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4993010081
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9faccfac-70bc-49c3-b72d-bf825a84d8f3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a21436e4faf48ed86c2b803834bf855