Sommarvikarar 2023 - Legesentra i Midt-Telemark kommune
Legesenter Bø og Gvarv
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Assistentvikar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
5
Sommaren kjem og vi har behov for flinke og engasjerte ferievikarar ved Bø legesenter og Gvarv legesenter. I denna jobben er det store mogleghetar for læring og utvikling.
Ferieperioden er frå veke 25 til 33. Under spørsmål, huk av for veker du kan jobbe. Søkjerar som kan jobbe i 6 veker i hovudferien; veke 26 til og med veke 33 vil bli prioritert.
Det er viktig at aktuelle kandidatar er tilgjengeleg for opplæring i veke 24.
Det er ein obligatorisk opplæringsdag for alle nye ferievikarar.
Aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande etter søknadsfrist.
VIKTIG AT DU OPPGJEV MOBILNUMMER OG EPOST I SØKNADEN! Kort om stillinganeSom hjelpersonell må du vere med å betene telefon i legesentras telefontid, skadestue, laboratorie og elles det som delegerast frå lege eller leiar.
Arbeidstid er frå kl. 08.00 - 15.30.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonarHelsesekretær, autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent/helsesekretærstudent, eller anna relevant helsepersonell.
Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale Helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Personlege egenskapar- Du er motivert til å gjere ein innsats
- Du jobber godt sjølvstendig, samstundes som du har gode samarbeidsevner
- Må beherske norsk munnleg og skrifteleg
- Personleg egnahet vil bli vektlagt
Krav om politiattest.
E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Obligatorisk opplæringsdag
Vi tilbyrSom ferievikar ved legesentra får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Eiga lønnstige for studentar under relevant utdanning.
AnnaAktuelle søkjarar vil bli kontakta via SMS/telefon fortløpande etter søknadsfrist.
Dei som vert kalla inn til intervju må ta med rettkjend kopi av vitnemål og attestar.
Dersom du ikkje har hørt noko innan 01.06.2023 , vil vi takke for din søknad og ønskje deg velkomen til å søkje stilling hos oss ved eit seinare høve.
Søknaden sendastSøknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
KontaktpersonarEli Aaland, avd. leiar Gvarv legesenter, mobil: 90170836
Elisabeth Fosteråsen Hoksrud, avd. leiar Bø legesenter, mobil: 48039978
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2222554
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9f7a0ec0-91f3-4e16-9933-a5e8a0d58a94