Faste stillingar til vårt prosjekt for E134 Vågsli – Seljestad
Statens vegvesen
Røldal prosjektkontor, 5760 Røldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektstillinger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Om stillingane
Vi søkjer Byggjeleiar / Kontrollingeniørar / SHA-rådgivar til vårt utbyggingsprosjekt Røldal-SeljestadE134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel med litt veg i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, med byggestart vår/sommar 2025.
Vi skal difor no starte oppbygginga av ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på om lag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen heilt frå starten, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare til vi har ein komplett organisasjon på plass.
Kontorstad vil vere Prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal (under etablering) for alle stillingane.
Du vil bli del av ein hyggjeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området – og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar. Du vil også bidra lokalt og sette spor, med fokus på berekraft og framtida.
Vi tilbyr også dette:- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- gode pensjons- og forsikringsordningar med moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsavgift
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
- tilgang til rimeleg leie av etatens over 45 hytter i store delar av landet
- lønn avtales nærmare i samsvar med vår lønnspolitikk
Arbeidsoppgåver
Som tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle, typisk som byggjeleiar, SHA-rådgivar eller kontrollingeniør.
Oppgåver vil vere avhengig av rollen du ønskjer, men dei vil blant anna bestå av:- førebu og delta i byggemøte og prosjekteringsmøte med entreprenør
- følgje opp at tiltak i SHA-plan blir utført
- utføre kontroll og dokumentasjon av entreprenørens arbeider og framdrift
- sikre at HMS-arbeidet blir ivaretatt i prosjektet
- utarbeide og bruke egne kontrollplanar, og følge opp entreprenøren sine egne kontroller
- oppfølging av HMS/SHA i heile prosjektet
- kontrollere og følge opp kontraktarbeidet med fokus på dagsoner
Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene og har erfaring frå prosjekt vil vi oppmode deg til å søkje!
Kvalifikasjonskrav
- relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet eller teknisk fagskule. Dette kravet kan vi fråvike dersom du har relevant arbeidserfaring frå tilsvarande prosjekter
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- samarbeidsevne og evne til å finna løysingar i eit tverrfagleg fellesskap
- nøyaktig og kvalitetsbevisst – for du har erfart at detaljer er viktig
- strukturert – for vi har mye å holde orden på
Vi ønskjer ein sjølvgåande medarbeidar med god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, som trivst med å vere ein påverkar.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenFyll ut felta "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Testar og bakgrunnssjekkVi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig