Vil du bli lærling i Aukra?
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Skolevegen, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Om du vil bli lærling i Aukra kommune, kan vi tilby relevante oppgåver innan ditt fagfelt, tett og god oppfølging undervegs, og eit godt arbeidsmiljø der vi gir plass for alle!
Frå hausten 2026 har vi behov for lærlingar i desse faga ;
- Ernæringskokk
- Barne- og ungdomsarbeidar
På Gossen barne- og ungdomsskole kan du få lærlingplass som kokk.
Til kjøkkenet på omsorgssenteret treng vi og lærling som ernæringskokk. Vi har eit moderne kjøkken med store moglegheiter for å utvikle seg innan kokkefaget.
BarnehageBarnehagane i Aukra er inspirert av Reggio Emilia-filosofien.
Barnehagane har eit stort og godt fagleg miljø, med barnehagelærarar innanfor pedagognorma og stor andel barne- og ungdomsarbeidarar tilsett.
Fagleg fordjuping dei siste åra har vore knytt til Trygghetssirkelen (COS) og fordjupinga i programmet Se barnehagebarnet innenfra.
SkoleSFO eir ein del av Gossen barne og ungdomskole, og har eit tett samarbeid med barnesteget på skolen. Aukra kommune treng fleire barne og ungdomsarbeidarar. Når du vel å bli barne og ungdomsarbeidar kan du arbeide med barn i alle aldrar, og med mange ulike oppgåver. Du kan vekse med oppgåvene og utvikle deg sjølv ved stadig å få meir avanserte arbeidsoppgåver, og vere med på å gje barn og unge ein god kvardag. SFO arbeider ut frå Rammeplan for SFO. Som fagleg fordjuping dei siste åra har SFO vore knytt til Trygghetssirkelen (COS) og fordjupinga i programmet Se barnet innenfra.
ArbeidsstadLærlingen får sin praksis i ein eller fleire av einingane i kommunen. Lærlingen vil få sin eigen rettleiar med kompetanse innan det aktuelle faget.
KvalifikasjonarVi søker lærlingar med følgjande kvalifikasjonar:
- Fullført vidaregåande utdanning på VG2- nivå
- Vi legg vekt på karakterar og høgt nærvær
- du må ha engasjement for faget
- du må kunne samarbeide godt og
- ha gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Du viser vilje og evne til åta initiativ og har
- gode haldningar
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Søkarar med ungdomsrett vil bli prioritert om dei er kvalifisert.
Vi kan tilby- eit godt læringsmiljø med kompetente rettleiarar og leiarar som er meistringsorientert. Vi legg til rette for fagleg utvikling
- vi legg vekt på god rettleiing og oppfølging av lærlingane i kommunen
- Lønn etter sentral hovudtariffavtale
- Eigen stipendordning for lærlingar i Aukra
- Utveksling i Europa
- •Moglegheit for å bli lærling ved Molde sjukehus 2. året
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
Som kommune ønsker vi at Aukra skal vere ein av dei beste i landet å vere lærling i!
SøknadVi ber om at du nyttar elektronisk søknadsskjema
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vil vi etterspørje ved eit eventuelt intervju.
SøknadsfristFrist for å sende søknad er 2. mars 2026. Hovudinntaket av lærlingar er om våren, med oppstart av læretida i august.
SøkarlisteSøkarliste kan bli gjort offentleg. Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson for søknad til stillingane er Anita B. Uhlen, tlf 400 61202.
Aukra kommune, i samarbeid med Romsdal opplæringskontor (felles opplæringskontor for Aukra, Hustadvika og Molde)
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9f541617-2f70-40da-aecd-2dea43f824ab
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3590997_193057_nn
Lignende annonser
Lærling
Arbeidsgiver
Aukra kommune Aukra kommune
Sted
Aukra
Lærling
Arbeidsgiver
Aukra kommune Bergetippen Barnehage
Sted
Molde
Lærling ernæringskokk
Arbeidsgiver
Aukra kommune Institusjonstenester
Sted
Aukra
Lærling
Arbeidsgiver
Molde kommune Romsdal opplæringskontor
Sted
Molde