Reinhaldsoperatør; Reinhaldar
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Hjetland 1, 6993 Høyanger
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Reinhaldsoperatør; Reinhaldar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. mai
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har ca. 380 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler.
Vi har ledig frå første august ei 50% fast stilling ved Høyanger vidaregåande skule.
Vi søkjer etter medarbeidarar med kompetanse innan reinhaldsfaget. Vi søkjer primært etter ei personer med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av Vestland Fylkeskommune sine lokaler med moderne utstyr og maskiner
- Reinhald i regionen ved behov
- Bruke Clean Pilot
- Reingjer etter NS: INSTA 800
Kvalifikasjonar
- Reinhaldar med fagbrev innan reinhald og arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy.
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Arbeidstid mellom 06.00-17.00. Arbeidstid kan bli endret.
Kontaktinformasjon
Monica Nilsen Sørebø, Reinhaldsleiar m/fagbrev, 91716316Hanne Hougaard Bisgaard, Områdeleiar, 95789400
Arbeidsstad
Hjetland 16993 Høyanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5128232410
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 29.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hanne Hougaard Bisgaard
Områdeleiar
95789400
Monica Nilsen Sørebø
Reinhaldsleiar m/fagbrev
91716316
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9f47b160-a493-4804-872d-9543d9da59f6
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
da80712084bd4c3f9c6c3e2ce260ef2e