Hopp til innhold

Ferievikarar - Kommunalteknikk/park og grøntareal

Arbeidsgiver

Ørsta kommune

Sted

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar og ekstrahjelp
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vi søkjer etter ferievikarar for perioden mai – august 2026 i teknisk drift og kommunalteknikk/park og grøntareal.
Arbeidstida vil vere vekedagar frå 07.30- 15.30.

Vi ber deg skrive i søknaden kva arbeidsoppgåver/arbeidsstad du ønskjer og kva periode mellom veke 19 og 35 du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide samanhengande i perioden vert prioriterte.


Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av parkar, badeplassar og grøntområde, kyrkjegardar og langs kommunale vegar
  • Drift av areal rundt bygg, innanfor vatn og avløp

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel om du har førarkort kl. B og gjerne BE
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

    Vi ynskjer at du:

    • Kan arbeide sjølvstendig
    • Har gode evner til samarbeid
    • Er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
    • Er engasjert og løysingsorientert

    Vi tilbyr

    Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
    Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.

    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette.  Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 

    Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

    Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.

    Intern søkjar
    Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Malvin Fremmerlid, Avd.leiar kommunalteknikk, 95 11 57 37, malvin.fremmerlid@orsta.kommune.no
    Olav Saure, Kommunegartnar, 48 99 34 66, olav.saure@orsta.kommune.no
    Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 95 15 52 75, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Dalevegen 6
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5070213188
    Stillingsprosent: 0%
    Sommarjobb
    Søknadsfrist: 15.03.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Malvin Fremmerlid

    Avd.leiar kommunalteknikk

    95 11 57 37

    malvin.fremmerlid@orsta.kommune.no

    Olav Saure

    Kommunegartnar

    48 99 34 66

    olav.saure@orsta.kommune.no

    Ulf Kristian Rognstad

    Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom

    95 15 52 75

    ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    9f44e0df-0523-4cca-8dc4-06992a086e44

    Sist endret

    27. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b7d44145034f49bbb2d3651a23cd3c9a

    Lignende annonser