Hopp til innhold

Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.

Arbeidsgiver

Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune

Sted

Jetmundgarden 15, 6030 Langevåg

Om jobben

Stillingstittel
Bu- og aktivitetstenesta- avdeling Jetmundgarden lyser ut faste stillingar.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagen. Kanskje er du vår nye kollega?

Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar-  fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert. Vi har og ledig ei stilling med kvalikfikasjonskrav som helsefagarbeidar.

Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.

Vi har ledig: Jetmundgarden:

1 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert. 

1 x 75 % fast stilling som autorisert helsefagarbeider.

 

Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.

 

Vikariat: ledig frå 30.03.26 til og med 31.12.26

3 x100%  vikariat  som miljøterapeut. Ledig frå 30.03.26 til og med 31.01.27


Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar. 

Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.  

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid  f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di. 


Arbeidsoppgåver

 

  • Arbeidet består i personleg bistand  til alle dagleglivets gjeremål.
  • Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar. 
  • Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
  • Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling.
  • Dagleg dokumentasjon og journalføring.
  • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
  • Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp. Du kartleggjer, sett i verk tiltak og evaluerer.
  • Du skal ha tett samarbeid med pårørande/verje.
  • Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
  • Primærkontakt for ein eller fleire av tenestemottakarane.
  • Fagleg oppfølging, samt ansvar for opplæring av nytilsette og studentar.

Kvalifikasjonar

 

  • Til 100% fast stilling søkjer vi fortrinnsvis personar med gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning vil bli vurdert. 
  • Vi søkjer personar med autorisasjon som helsefagarbeider til 75% fast stilling.
  • Til vikarstillingane søkjer vi personar som har 3- årig helse- og sosialfagleg  utdanning. Pedagogisk høgskuleutdanning kan bli vurdert.
  • Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
  • Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlege eigenskapar

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress. 
  • Arbeide etter dagleg arbeidsplan og rutinar. 
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. 
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • 20 års ansiennitetsstige. Kr 5716 pr. år.
  • Vanleg kommunale tilsetjingsvilkår.
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
  • Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år. od opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.

Kontaktinformasjon

Camilla Vee, Einingsleiiar, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no
Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Jetmundgarden 15
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5082127187
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Caroline Øien Fiksdal

Avdelingsleiar

95710257

caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Camilla Vee

Einingsleiiar

95710251

camilla.vee@sula.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9f3d2aff-9aa4-4170-bbbc-1cccd1bf8863

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

de3192dc5c774012b130db05002ab86e

Lignende annonser