Hopp til innhold

Skipsførar til  nye autonome ferjer Lavik-Oppedal

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6947 Lavik

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar Lavik-Oppedal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  


Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap. Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.   Fjord1 har ledige stillingar  som skipsførar på ulike skiftordningar;
  • 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode. 
  • Sjøvakt: 3 veker på og 3 veker fri (ordning kan blir endra til 2 veker på/av). Reise til/frå jobb blir dekka. 
  • Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute mandag-fredag og søndag). Mannskap bur ombord i skiftperiode.
  • Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar). Mannskap bur ombord i skiftperiode. 

Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.

Oppstart:  etter avtale. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sikkerhetsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar ombord
  • Andre oppgåver iht stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • D3 sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter, treningsstøtte, behandlingsforsikring , digital helseveiledning og gode rabattordningar

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad


6947 Lavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5078203711
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sigrunn Hellebust

Rekrutteringsmedarbeider

+47 47330488

sigrunn.hellebust@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9ed84af3-71c4-4885-98cb-a61847c83aee

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

344091fbc91f4bff94fa4058e9aacac8

Lignende annonser