Ta del i eit fagmiljø med hjarte for eldre og psykiatri
Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. juni
Er du oppteken av at eldre skal få ei heilskapleg og verdig spesialisthelseteneste?
Vi har ledig fast 50 % nattstilling ved Alderspsykiatrisk døgnpost, med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss møter du eit arbeidsmiljø prega av glede, tett tverrfagleg samarbeid og sterk pasientomsorg. Som ein del av vårt team får du vere med og utvikle kompetanse basert på erfaring og praksis, og me legg stor vekt på fagleg utvikling.
Her får du ein jobb der både du og pasienten blir sett og høyrd.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje!
Kva går jobben ut på?
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
- Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid
- Yte god omsorg for pasient og dei pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Det er ynskeleg med vidareutdanning/erfaring innan rus-psykiatri eller geriatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjonsevner
- er ansvarsbevisst
- viser respekt for kvar enkelt pasient
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Liknes Thorsen, Fagsjukepleiar, 46889361Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4978240747
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 26.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grethe Liknes Thorsen
Fagsjukepleiar
46889361
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ed243ce-3ef1-4452-ae90-fd6fc5ad4005
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9bc8b60c9b524cd890ab853fdfb00e05