Høgskulelelektor i mat og helse
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Høgskulelelektor i mat og helse
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i mat og helse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Om stillingaStillinga er knytt til mat og helse og mat og måltid for lærarutdanningane. Fagmiljøet er dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor mat og helse. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanningane, deltar fagmiljøet også i bachelorprogrammet Idrett og folkehelse og etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».
Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen og er ledig frå 01.08.26.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til teoretisk og praktisk undervisning i mat og måltid i barnehagelærarutdanninga og i mat og helse i 5-årig grunnskulelærarutdanning. I tillegg kan det bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet, samt etter- og vidareutdanning.
- Arbeidsoppgåver tilknyta tilskotsordningane relatert til barnehage og skule, og/eller kurs og oppdragsverksemd.
- Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid innan mat og måltid i barnehage og skule.
- Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområder innan mat og helse, kosthald og mat og måltid. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .
Formelle kvalifikasjonar:For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat (normalt A eller B) og med relevans for mat og måltid i barnehagen og/eller for mat- og helsefaget.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga, ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Utdanningsfaglig kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar.
Språkkrav:- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
- Undervisningserfaring i mat- og helsefaget (og andre fag) i grunnskulen og/eller høgare utdanning.
- Erfaring frå barnehage og/eller skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og leiing.
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
- Variert rettleiarerfaring.
- Internasjonal erfaring med undervising og/eller forsking.
- Erfaring med digitale verktøy.
- Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning vil bli tillagt stor vekt.
- Søkarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i samsvar med forskrifta må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Instituttleiar Frode Fretland, frode.fretland@hvl.no, 57676378/41502329
2) Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen, ingrid.leversen@hvl.no, 55587533
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ec5d448-9a47-4864-af9b-1c9164206a01
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276797
Lignende annonser
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i yrkespedagogikk/pedagogikk
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Stord